100 sommarjobbar - spørsmål og svar

Ønsker du å søke sommarjobb i Vestland? Her er svar på nokre av det du kanskje lurer på om sommarjobben og søknadsprosessen. Søknadsfrist er 7. mai.

Kva må eg vite før eg søker?
Du bør ha bestemt deg for kva skule eller stad du ønskjer å jobbe på, og kva for jobb du kan tenke deg (bygningsdrift, reinhald eller kontorarbeid). Du må også vite kva veker i sommar du kan jobbe. Du må vere tilgjengeleg i arbeidstida måndag til fredag i dei vekene du skal jobbe. Sommarjobbperioden er frå 1. juni til 29. august. Du må sjølv syte for transport til og frå arbeidsstaden, så ikkje kryss av på arbeidsstadar du ikkje kan komme deg til kvar dag.

For å søke trykker du på «søk her» på jobbannonsen. Deretter blir du ført vidare i systemet vårt webcruiter. Om du treng hjelp med webcruiter, sjå her:

https://webcruiter.procydo.com/_4dcd85c26ca274f4.guide?pageNumber=3

Det er veldig mange spørsmål å svare på når eg søker!
Dessverre er det systemet vårt som gjer at vi må stille spørsmål på ein tungvint måte.  Men det bør gå ganske raskt for dei aller fleste å svare på desse spørsmåla.

Eg synest datasystemet er vanskeleg, kan eg sende søknaden på e-post eller møte personleg?
Nei. Alle må levere søknad elektronisk gjennom søknadssystemet vårt. Det er veldig nyttig å lære seg slike system, då går det lettare neste gong du skal søke jobb.

Treng eg å skrive ein lang søknad?
Du treng ikkje skrive ein lang søknad, men skriv gjerne nokre ord om kven du er og kvifor du søker jobb. Dersom du har kommentarar til kvar og når du kan jobbe, skriv det inn i søknaden. 

Treng eg å sende inn attestar og karakterutskrift?
Dersom du har hatt lønna arbeid etter fylte 18 år, kan du legge ved attest. Du skal ikkje legge ved karakterutskriftar eller andre attestar.

Kva meiner de med at dei med nedsett funksjonsevne blir prioritert for kontorarbeid?
I Vestland fylkeskommune ønsker vi å gi fleire moglegheit til å prøve seg i sommarjobb. Jobbane innan reinhald og bygningsdrift krev at du er i grei fysisk form for å klare arbeidet. Men dersom du har helseplagar eller anna som gjer at du ikkje kan ta kroppsarbeid, er du hjarteleg velkomen til å søke på kontorarbeid.  Sidan det er færre kontorstillingar, vil vi prioritere dei som berre kan søke denne type jobb litt høgare.

Eg har nedsett funksjonsevne, korleis gir eg beskjed?
Du hakar av for dette i søknadsprosessen. Skriv gjerne kva for arbeid du kan gjere i søknaden. Dei fleste bygningane våre er godt tilrettelagde for deg med ulike funksjonshemmingar.

Bør eg ringe eller sende e-post og presentere meg?
Det er veldig mange stillingar og veldig mange søkarar, så vi ber om at du ikkje ringer eller sender e-post for å presentere deg. Vi ønsker å gi alle same moglegheit og vil ikkje legge vekt på om du har presentert deg eller ikkje.

Bør eg møte opp og levere søknaden personleg?
Nei. Grunna korona-pandemien tek vi ikkje i mot nokon som møter opp personleg, og kan ikkje ta i mot søknadar på papir.  Dette gjeld for alle, det er ingen unntak.

Men mor mi/far min/onkel/kjærasten min meiner bestemt at ein bør gjere dette?
Vi veit korleis det kan vere… Vis dei denne nettsida, så går det nok greitt.

Kan eg søke etter fristen?
Nei, vi godtek ikkje søknader som kjem etter fristen som er 7. mai, så pass på at vi får søknaden inn i tide. Søk gjerne nokre dagar før fristen.

Når får eg svar?
Du vil få svar før 21 mai. Vi ber om at du ikkje ringer eller sender e-post for å spørje om når du får svar før dette. Vi ringer eller sender e-post til dei som får tilbod om jobb, med kvar og når dei får tilbod. Dei som ikkje får tilbod om jobb får avslag på e-post.

Kva om eg får tilbod om ein annan jobb i mellomtida?
Du treng ikkje å kontakte oss dersom du får ein annan jobb i mellomtida. Viss du får eit tilbod frå oss, kan du takke nei når vi kontaktar deg, så går jobben vidare til neste person på lista.

Kor lengje kan eg få jobbe hos dykk?
Det kjem litt an på kva for stad og jobb du får tilbod om, men alle får jobbe minst to veker. Om du blir tilbudt jobb, vil leiaren ringe deg og avtale nærare.

Korleis er det å jobbe hos dykk?
Vi jobbar hardt, men har det kjekt på jobb! Det er alltid ein leiar som følger opp og gir deg den opplæringa du treng. Alle som har jobba for oss, får også ein attest som dei kan bruke i framtidig jobbsøking.