Vestland fylkeskommune søker legar til legenemnd
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport søker to legar til ei legenemnd,som bistand i vurdering av medisinske vilkår i samband med skoleskyss og TT-ordninga.
Kva går rolla ut på?
Vi søker både nemndleiar og nemndmedlem. Du skal gjennom din medisinskfaglege kompetanse vurdere søknadar om tilrettelagt transport og skuleskyss.
Den første ordninga er tilrettelagt skuleskyss som vert forvalta av Skyss. Ordninga gjeld skuleskyss for elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen som har behov for tilrettelagt skuleskyss grunna funksjonshemming, skade eller sjukdom.
Den andre ordninga er tilrettelagt transport (TT-ordninga). Ordninga er eit substitutt for kollektivtransport for brukarar som på grunn av varig nedsett funksjonsevne eller sjukdom ikkje kan nytte det ordinære kollektivtilbodet.
Omfang
Omfanget av oppdragsmengda vil variere frå månad til månad, men du må vere tilgjengeleg i ordinær arbeidstid.
Slik leverer du tilbod
Frist for å levere tilbod er 6. oktober kl. 12.00.
Du leverer tilbodet ditt ved å logge deg på TendSign, der vil du og sjå konkurransedokumenta. Dette opnar vi for den 15. september.