Vilkår for drosje- og selskapsvognløyve og løyve for transport av funksjonshemma

For å få løyve til persontransport må du ha god vandel, tilfredsstillande økonomisk evne og tilstrekkeleg fagleg kompetanse.

God vandel dokumenterer du med politiattest. 

Økonomisk evne viser du gjennom attestar for betalte skattar og avgiftar. Har du eit nystifta foretak, må dagleg leiar personleg oppfylle kravet om å leggje fram attestar for betalte skattar og avgifter.

Vi stiller stilt krav om fagleg kompetanse. Du som søkjar må vere kvalifisert for den løyvetypen det er søkt om. Elles gjeld det at du som søkjar, ved vitnemål, må attestere å ha bestått eksamen frå ein av departementets godkjend teoretisk opplæring.

Når eit selskap søker

Er du som søkjer eit selskap,  må dagleg leiar fylle krava til vandel og fagleg kompetanse. Har selskapet to eller fleire daglege leiarar må alle oppfylle kvalifikasjonskrava. Det same gjeld for ansvarleg selskap (ANS) og for selskapstypen delt ansvar (DA).

Gebyr

Gebyret for løyvedokument er for tida kroner 3400 kr for kvart dokument. 

Søknad om løyve må innehalde: 

  • Søkjaren sitt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, (firma), namn,  adresse, telefonnr, e-postadresse m.m.
  • Omtale av formålet med løyvesøknaden
  • Dagleg leiar sitt namn og fødselsnummer
  • Attest på skatt og moms
  • Attest frå Konkursregisteret
  • Politiattest i original
  • Firmaattest frå Foretaksregisteret
  • Tilsegn frå bank eller forsikringsselskap pålydande kr 90 000,- for første løyve, og kr 50 000,- for påfølgjande løyve som skal nyttast. 

Attestane må ikkje vere eldre enn tre månader.