Drosjeløyve erstattar selskapsvognløyve

Skal du drifte selskapsvogn etter 1. november 2022 må du ha drosjeløyve. Slik søker du fritak frå taksameter eller merking.

1. november 2020 vart yrkestransportlova endra, og då vert mellom anna selskapsvognløyve oppheva som løyvekategori. Alle som hadde selskapsvognløyve per 1. november 2020 fekk behalde løyva med ein overgangstid på 2 år.

Kva betyr dette for ditt føretak

Dersom føretaket innehar selskapsvognløyve og vil fortsette med persontransport, må du søke om drosjeløyve innan overgangsordninga går ut 1. november 2022.

Vi anbefaler at du søker i god tid før 1. november 2022 for å sikre at føretaket til ein kvar tid har gyldig løyve.

Gebyr er kr. 3 400,- per løyvedokument.

Ved å bytte løyvekategori frå selskapsvogn til drosje, må du følge fleire krav, jf. Yrkestransportforskrifta §48:

«Merking, taklykt og tilleggsutstyr mv.

Drosje skal merkes utvendig på begge sider med løyvenummer med skrifthøyde på minst 100 mm når kjøretøyet benyttes som drosje. Løyvenummeret skal plasseres på drosjens sidedør og være i kontrastfarge til fargen på drosjen. Løyvenummer og kjøreseddel skal være synlig fra passasjerens plass.

Drosje skal være utstyrt med godkjent taksameter. Taksameter skal være montert og belyst slik at takstgruppe og beløp kan leses fra passasjerens plass. Utgiftene til anskaffelse, montering og vedlikehold av apparatene dekkes av løyvehaveren.

Drosje kan ha taklykt som foran og bak har påskriften TAXI samt løyvenummer. Dersom drosjen har taklykt må den godkjennes av Vegdirektoratet.

Drosje kan ha installert annet kommunikasjonsutstyr eller spesialutstyr.

Er løyvehavers ordinære vogn som følge av skade eller reparasjon ute av drift, kan løyvehaver i stedet sette inn annen vogn som fyller kravene i første, annet og tredje ledd. Bestemmelsen i § 13 gjelder tilsvarende for slik vogn.

Løyvemyndigheten kan i særskilte tilfelle gi dispensasjon fra kravene i denne bestemmelsen.»

Søknad om fritak for krav om taksameter og merking

Føretak som driv i «selskapsvognsegmentet» kan søke om fritak for krav om merking og taksameter. Føretak som driv i «selskapsvognsegmentet» er til dømes dei som driv køyring i samband med statsbesøk, bryllup m.v.

Søknaden skal på ein grundig og utfyllande måte skildre:

  • føretaket og transportoppdraga
  • kundegruppa (legg ved kopi av inngåtte kontraktar)
  • kva ulempe det fører med seg med merking og taksameter
  • korleis transporten organiserast
  • om køyretøy og tal løyve det søkast om dispensasjon for, samt lengda på ønska dispensasjon (som hovudregel maks 3 år).
  • om føretaket har offentlege transportkontraktar
  • det geografiske området transporten vert utført

Eventuelle fritak

Samferdselsdepartementet har på førespurnad frå fylkeskommunane uttalt at det ikkje skal innvilgast fritak frå krava dersom føretaket tilbyr tenester nær opp til drosjemarknaden.

Vidare skal fylkeskommunane legge vekt på at dispensasjon ikkje skal bidra til konkurranse på ulike vilkår for aktørar som driv i den ordinær drosjemarknaden.

Eit eventuelt fritak vil berre gjelde i den fylkeskommunen som har behandla søknaden. Ved køyring over fylkesgrensa, må du søke fritak i dei aktuelle fylka du skal utføre transport.

Alle søknadar blir vurdert individuelt.