Endringar i yrkestransportregelverket frå 1. juli 2020.

Sjå kva for endringar i yrkestransportregelverket  som vil tre i kraft i sommar, og korleis du skal forhalde deg innan den tid.

Frå 1. juli 2020 vil ei rekke nye endringar i yrkestransportregelverket tre i kraft. 

Hovudpunkta i lovendringa er:

  • Oppheving av makstalsavgrensinga på drosjeløyve, med tilhøyrande driveplikt.
  • Moglegheit for fylkeskommunen til å tildele einerettar for drosjetransport i kommunar med innbyggjartal og befolkningstettleik under ein viss terskelverdi. For 2020 er denne terskelverdien 20 000 innbyggjarar og ein befolkningstettleik under 80 per km2.
  • Vidareføring av kravet om drosjeløyve, men lemping på innhaldet i løyvekravet ved at ein fjernar kravet om fagleg kompetanse for løyvehavarar.
  • Fjerning av kravet om garanti for løyvehavar.  
  • Innføring av 10-årige drosjeløyve.
  • Oppheving av sentraltilknytingsplikta for drosjer, og innføring av plikt til loggføring av alle drosjeturar.
  • Innføring av fagkompetansekrav for søkar av køyresetel.
  • Innføring av krav om at søkar til køyresetel må ha hatt førarkort i klasse B i minst to år samanhengande før vedkomande kan tildelast køyresetel for drosje.
  • Justering av heimelen for miljøkrav, slik at denne følgjer kommunegrensene.

Hordaland og Sogn og Fjordane blei 1. januar 2020 slegen saman til Vestland fylkeskommune. Dette medfører at alle drosjene frå tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane får ei ny løyvestyresmakt i Vestland fylkeskommune. Likevel vil vi fram mot nytt yrkestransportregelverk trer i kraft 1. juli 2020, behalde dei to respektive løyvedistrikta.

I Hordaland løyvedistrikt vil vi tildele løyve i Bergen køyreområde etter 2019 haustlista kvar månad fram til og med 30. juni 2020. Løyve som vert ledige i distriktet i Hordaland vert lyst ut ved behov. I Sogn og Fjordane løyvedistrikt vil ledige løyve verte lyst ut ved behov.  Frå 1. juli 2020 vil vi behandle innkomne søknadar etter det nye regelverket. Søkarar kan ikkje søke etter det nye regelverket før denne datoen. Søknadar som kjem inn før denne datoen vert avvist.

Vidare har det også vore kommunesamanslåing i Bergen køyreområde som får konsekvensar for regelverket. Den 1. januar 2020 vart Fjell, Sund og Øygarden kommune slegen saman til nye Øygarden kommune. Øygarden var før 1. januar 2020 ikkje ein del av Bergen køyreområde, men etter samanslåinga har løyvestyresmakta kome til at ein skal innlemme heile nye Øygarden kommune i Bergen køyrområde frå 1. januar 2020 og fram til nytt regelverk trer i kraft 1. juli 2020.