Planar innan vassforvaltning

Gjeldande vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram for Sogn og Fjordane og Hordaland gjeld for 2016 -2021. Desse planane vert no revidert og vil gjelde for Vestland vassregion 2022 -2027.

Fram mot utgangen av 2021 skal dei regionale vassforvaltningsplanane oppdaterast og justerast for heile landet og vil gjelde for 2022 -2027. 

Planane for Hordaland og Sogn og Fjordane vert no revidert og slege saman til ein vassforvaltningsplan for Vestland vassregion. Denne planen saman med eit tilhøyrande tiltaksprogram vil gjelde for 2022 – 2027. Utkast til planen vert lagd ut på høyring 1.oktober til 31.desember 2020. 

Planprogram 

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune har utarbeid eit felles planprogram for ein vassforvaltningsplan for Vestland vassregion 2022-2027. Planprogrammet låg ute til høyring 1. april til 30. juni 2019. Vassregionutvala for Hordaland og Sogn og Fjordane slutta seg til, og godkjende dokumenta i oktober 2019. Vestland fylkesting vedtok planprogrammet 17.12.19. 

Plan- og bygningsloven krev at eit planprogram skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behov for utgreiingar. Planprogrammet vedtek organiseringa av arbeidet. 

 

Hovudutfordringar 

Kunnskapsgrunnlaget til planen og hovudutfordringar i vassregionen er summert opp i eitt hovudutfordringsdokument for Sogn og Fjordane og eitt for Hordaland.  

Det er og utarbeidd eigne hovudutfordringsdokument for dei enkelte vassområda som ligg som vedlegg til hovuddokumenta. Sogn og Fjordane vassregion er delt inn i fire vassområde, Hordaland i fem vassområde. Kommunane er sentrale aktørar i vassområda. 

Dokumenta inneheld ei oppdatert oversikt over miljøtilstand, påverknader og status for gjennomføring av tiltak og er derfor eit viktig dokument i prosessen fram mot oppdatert vassforvaltingsplan og tiltaksprogram. Ei felles forståing av kva som er dei viktigaste utfordringane og prioriteringane, vil gi eit godt grunnlag for vidare samarbeid om forvaltingsplanen og tiltaksprogrammet.  

Dokumenta låg ute til høyring 1. april til 30. juni 2019. Vassregionutvala for Hordaland og Sogn og Fjordane slutta seg til dokumenta i oktober 2019. 

 

Lenke til plandokument for planperioden 2022 - 2027  

Lenke til gjeldande plandokument for planperioden 2016 2021