Tilskot til lokale klima- og miljøtiltak

Det er no mogleg å søkje om midlar til lokale klima- og miljøtiltak.

Tilskotsordninga skal fremje lokale initiativ til handling for ei berekraftig utvikling av fylket. Det blir gitt støtte opp til 50 000 kr for gjennomføring av prosjekt eller tiltak. Det kan normalt gjevast inntil 50 prosent av total kostnad.

I særskilde høve, m.a. der fleire samarbeider om gjennomføring, kan høgare løyvingar vurderast.

Kven kan søkje

Frivillige lag, organisasjonar, grendelag, velforeiningar.

Søknadsfrist

30. april 2021.

Korleis søke:

Søknad skal registrerast elektronisk på regionalforvaltning.no – lenke til høgre.

Den elektroniske søkjeportalen baserer seg på standard søknadsskjema. Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori for å kunne sende inn søknaden, kan skrivast kort og konsist. Innhaldet kan utdjupast i vedlegg i søknaden.

Vilkår for tildeling

Ordninga omfattar prosjekt innanfor miljø, klima, natur og biologisk mangfald. Konkrete, handlingsretta tiltak og haldningsskapande arbeid vil bli prioriterte.

Søkjarar som får innvilga tilskot, skal levere kortfatta rapport for bruk av tilskotet i tråd med tilsegnsbrevet. Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama.  

Dette støtter vi ikkje:

  • Installasjon av varmepumper eller anna etablert teknologi
  • Installasjon av ladeinfrastruktur til elbil hjå private eller i burettslag
  • Innkjøp som allereie er gjennomført eller bestilt
  • Søknadar frå private verksemder

Søknadar som vert prioritert er:

  • Bidreg til å mobilisere til handling
  • Prosjekt som kan vise til effekt på tema som ordninga omfattar
  • Prosjekt som kan vise til direkte oppfølging av regionale klimamål
  • Tek i bruk ny teknologi og løysingar
  • Når ut til innbyggjarar i Vestland
  • Tilskotet har utløysande effekt
  • Tiltak/prosjekt med overføringsverdi til andre