Tilskot til lokale klima- og miljøtiltak

Det er no mogleg å søkje om midlar til lokale klima- og miljøtiltak. Tilskotsordninga skal fremje initiativ til handling for ei berekraftig utvikling av fylket.

Kven kan søkje

Frivillige lag og organisasjonar, grendelag, velforeiningar.

Økonomisk ramme

Total ramme for denne tilskotsordninga er 500 000 kr. Fylkeskommunen gir opp til 50 000 kr for gjennomføring av prosjekt eller tiltak. Det blir gitt støtte inntil 50 prosent av total kostnad. Der fleire samarbeider om gjennomføring, kan høgare løyvingar vurderast.

Søknadsfrist

9. mai 2022

Korleis søke

Digitalt søknadsskjema blir tilgjengeleg innan 14. mars.

Planlagde prosjekt og tiltak som blir søkt om må vere i tråd med regionale klimamål.

Søkjarar som får innvilga tilskot, skal levere kortfatta rapport for bruk av tilskotet i tråd med tilsegnsbrevet.

Søknadssum er i tråd med rammene for ordninga.   

Ufullstendige søknadar vert ikkje handsama.

Søknadar i tråd med vilkåra vil bli handsama etter følgjande vurdering og vekting:

  • haldningsskapande arbeid: 30 prosent
  • prosjektet/tiltaket sin effekt på klima og miljø: 40 prosent
  • handlingsretta tiltak: 30 prosent

 

Søknadar som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta stønad.

  • installasjon av varmepumper eller anna etablert teknologi
  • installasjon av ladeinfrastruktur til elbil hjå private eller i burettslag
  • innkjøp som allereie er gjennomført eller bestilt
  • søknadar frå private verksemder