Tilskot til kommunale klimatiltak

Kommunar i Vestland fylkeskommune kan no søkje om midlar til kommunale klimatiltak.

Føremål med ordninga:

Vestland fylkeskommune har sett seg ambisiøse klima- og miljømål i Utviklingsplan for Vestland. Vi skal ha klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, der vi mellom anna skal vere pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. Dette er ambisiøse mål og vi lukkast ikkje utan eit godt samarbeid med kommunane. Vi ynskjer no å legge til rette for at kommunane får ekstra støtte til gode planprosessar for å følgje opp dei regionale ambisjonane.

Undersøkingar gjort ute i kommunane viser at over halvparten av kommunane i Vestland planlegg å utarbeide kommunale klima- og miljøplanar. Dette ynskjer vi å støtte. Tilskotsordninga skal stimulere til klimaarbeidet i kommunane i Vestland, samt støtte opp om dei kommunale planprosessane som no er i gang eller i oppstartsfasen. Midlane skal nyttast til utvikling og gjennomføringa av klimaarbeidet i tråd med nasjonale og regionale innsatsområde, men med utgangspunkt i lokale behov.

FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for planlegginga i Vestland fylke. Ivaretaking av naturmangfald og intakte økosystem er positivt for klima. For at klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklinga i regionen ynskjer vi eit auka fokus på samspelet mellom natur og klima, og integrasjonen mellom naturmangfald og klimaomstilling. I klimaomstillingsomgrepet legg vi samfunnsendring på vegen til eit nullutsleppssamfunn, der samfunnet både reduserer klimagassutsleppa og klimatilpassar seg.

Kven kan søkje:

Alle kommunane i Vestland fylke.

Søknadsfrist:

30. april 2021.

Korleis søke:

Søknad skal registrerast elektronisk på regionalforvaltning.no – lenke til høgre.

Den elektroniske søkjeportalen baserer seg på standard søknadsskjema. Teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori for å kunne sende inn søknaden, kan skrivast kort og konsist. Innhaldet kan utdjupast i vedlegg i søknaden.

Søknaden må innehalde

  • Kort omtale av kva kommunen ønskjer å nytte tilskotsmidlane til, inklusive målsettingar og relevans for føremålet med tilskotsordninga
  • Plan for gjennomføring og vurdering av forventa effekt
  • Framdrift og finansieringsplan/kostnader
  • Søknadsbeløp

Vi kan støtte ulike deler av planprosessen knytt til klima- og miljøplanlegging (inkl. energi og naturmangfald) i kommunar i Vestland. Midlane skal nyttast til å understøtte mål og strategiar i tråd med Regional plan for klimaomstilling i Sogn og Fjordane 2018–2021 og Klimaplan for Hordaland 2014–2030, samt overordna mål og strategiar i Utviklingsplan for Vestland.

Midlane kan nyttast innan eitt eller fleire av innsatsområda under:

  1. Kunnskap. Kommunen kan søke støtte til å auke kunnskapsgrunnlaget i oppstartsfasen til
    planarbeidet. Dette kan bidra til å sikre best mogleg utgangspunkt for arbeidet med klima,
    miljø, naturmangfald og energi i kommunen.
    Eksempel på områder vi kan støtte:
    - Klimafotavtrykksanalyse for kommunen
    - Framskriving av klimagassutsleppa i kommunen
    - Naturmangfald
    - Kartlegge økosystem og arealbruk med særskilt betydning for klimatilpassing
    (eks. Våtmark, myr, elvebredder og skog)
    - Områder for opptak av CO2
    - Økosystemtenester
    - Klimarisiko, inkl. klimatilpassing
  2. Medverknad og prosess. Vi kan støtte møter og/eller arrangement for samskaping,
    mobilisering og medverknad mellom kommunen og ulike deler av kommunesamfunnet.
    Søknaden må skildre kvar i planprosessen dette er tenkt gjennomført, kven som skal
    delta, og korleis innspela er tenkt å styrke kommunen sitt planarbeid.
  3. Gjennomføring. Vi kan bidra med tilskot til gjennomføring av klimatiltak, både til
    utsleppsreduksjon og klimatilpassing. Det er krav til at tiltak er oppfølging av ein klimaplan,
    handlingsprogram eller kommuneplanen sin samfunnsdel. Det vert også gitt støtte til
    klimatilpassingstiltak, dersom desse tiltaka går utover det som er lovpålagt.

Kommunen må levere rapport på aktivitetar og måloppnåing i tråd med tilskotsbrevet.

Normalt støttebeløp er maksimalt 200 000 kr og inntil 50 prosent av total kostnad. Kommunen må ha eigen finansiering, men dette kan vere i form av eigeninnsats. Fleire kommunar, interkommunale selskap eller kommunale føretak kan gå saman om å søkje, og støttesummen kan då vurderast auka opp.

I særskilde høve kan høgare løyvingar vurderast. Søknadar som støttar opp under dei tre tilskotsordningane; klima, folkehelse og by- og stadutvikling samstundes vil vi vurdere særskilt.

  • Ambisjonsnivå for klimaomstilling
  • Gjennomføringsevne
  • Overføringsverdi til andre
  • Tiltak identifiserte i kartleggingar der kommunen inngår, i kommunal plan eller politiske vedtak vil bli prioritert
  • Ordninga er meint som eit supplement til statlege støtteordningar som Klimasats og Enova. Tiltak som ikkje fell under andre ordningar vil bli prioritert 

Tilskotsordninga dekkjer ikkje støtte til ladeinfrastruktur for el-bilar.

  • Stord kommune: Kick off for «Operasjon nullutslepp 2030»
  • Vik kommune: Sats på sykkel, prosjekt for auka bruk av sykkel hjå innbyggjarane i Vik
  • Gloppen kommune: Kompetanseheving om utsleppsreduksjon
  • Sunnfjord kommune: «Grøn tråd» i bygg- og eigedomsforvaltninga i kommunen