Klimatilpassing

Klimaendringane er venta å føra til ein gjennomsnittleg temperaturauke på 4 grader i Vestland frå 1971–2000 til 2071–2100. Årsnedbøren er venta å auka med kring 15 prosent, og det er sannsynleg at episodar med kraftig nedbør vil auke. Følgjen av det er fleire og større regnflaumar og jord-, flaum- og sørpeskred, samt steinsprang. Samtidig aukar faren for stormflo, tørke om sommaren og snøskred. Vestlandet er den landsdelen som er mest råka av ekstremver ifølgje Norsk Naturskadepool.

Reduksjon av klimagassutslepp er den beste førebygginga mot negative konsekvensar av klimaendringane. I tillegg vil det vere behov for berekraftig klimatilpassing av samfunnet. Eksisterande bygg og infrastruktur, samt nye prosjekt og tiltak må ta høgde for forventa endringar i temperatur og nedbør. Forutan om å redusera risiko og sårbarheit for bygg, areal og menneske, handlar arbeidet med klimatilpassing også om å sjå moglegheiter som følgjer omstilling.

Klimathon2020-rapporten er klar. Dette var eit digitalt, hackthon-inspirert arrangement der vi samarbeida om klimatilpasning og klimarisiko, på tvers av sektorar og fag.

Rapporten er tilgjengeleg på både norsk og engelsk, og inneheld informasjon om

  • kva ein klimathon (og eigentleg også ein hackathon) er
  • korleis vi arrangerte den digitale Klimathon2020
  • korleis kunst var del av arbeidsprosessen
  • resultat

Her finn de gode idear til klimatilpasningsarbeidet, men også idear til korleis organisere og gjennomføre liknande arrangement.

Klimathon2020, rapport på norsk
Klimathon2020, rapport på engelsk