Meld deg til privatisteksamen

Skal du ta eksamen som privatist? Er du lærling eller praksiskandidat og skal ta skriftleg del av fagprøva? Du kan no melde deg til eksamen i fag frå vidaregåande opplæring.

Det er mogleg å melde seg opp to gongar i året - om våren er fristen 1. februar og om hausten 15. september. Privatistportalen opnar 14 dagar før oppmeldingsfristen.

Privatistar skal betale eksamensavgift. I 2024 er prisen per eksamen:

  • 1305 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
  • 2611 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare

Du melder deg til eksamen og betaler eksamensavgifta på privatistportalen. Oppmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt avgifta.

I nokre fag må privatistar ta meir enn ein eksamen. Det er ein fagkode for kvar eksamen. For å få faget godkjent må du ta alle eksamenane i faget.

Kva fag vil du ta eksamen i?

Ta kontakt

Dersom du ikkje finn faget du ønskjer å ta eksamen i på privatistportalen, må du ta kontakt med oss.

Hugseliste før du melder deg opp til eksamen:

  • Du har lese informasjonen om privatisteksamen på nettsidene til Vestland fylke.
  • Du er sjølv ansvarleg for å melde deg opp og betale eksamensavgifta innan fristen 15. september (haust) og 1. februar (vår).
  • Oppmeldinga er ikkje gyldig før betaling er registrert. Eksamensavgifta vil ikkje bli refundert dersom du trekkjer deg eller ikkje møter til eksamen.
  • Eksamen kan bli overført til ein annan skule enn du valde ved oppmelding.
  • Du kan ikkje melde deg opp i same fag i fleire fylke. 
  • Du kan ikkje melde deg opp i fag som du samtidig er elev i. Du er ansvarleg for å registrere korrekt e-postadresse, mobilnummer og målform på oppmeldingsportalen.
  • Oversikt over dine eksamensdatoar og –stad skal være tilgjengelig på oppmeldingsportalen innan utgangen av oktober (haust) eller utgangen av mars (vår). Hvis ikkje, må du ta kontakt på epost til eksamen@vlfk.no omgåande.
  • Ved endring i eksamensdato eller –stad vil du få melding på e-post eller sms.
  • Du må ta med eiga datamaskin dersom du ønskjer å bruke denne på eksamen. 
  • Hvis du har behov for særskilt tilrettelegging, må du søkje om det kvar termin innen 14 dager etter oppmeldingsfristen. Sakkunnig uttale må leggast ved.
  • På eksamensdagen må du ha med gyldig legitimasjon med fødselsnummer, bilete og namn. Kandidatar utan gyldig legitimasjon får ikkje avlegge eksamen.
  • Du må sjølv gjere deg kjend med: Læreplan og kompetansemål i faget, om faget har førebuingsdel, tillatne hjelpemiddel i faget, frist og reglar for å klage på karakter eller eksamensgjennomføring.

I nokre særlege tilfelle er det høve til å ta eksamen i utlandet. For å søke om eksamen i utlandet, ta kontakt med oss. Fristen for å søke er 15. februar om våren og 15. oktober om hausten.

På nettsidene til Utdanningsdirektoratet finn du Informasjon om å ta eksamen i utlandet.

Du skal ikkje sende søknaden direkte til Statsforvaltaren i Agder. Vi vidaresender søknaden din.