Stortingsvalet 2021
Stortingsvalet var måndag 13. september 2021. Fylkesvalstyret godkjente 22 lister i Hordaland og 17 i Sogn og Fjordane. 16 representantar vart valde frå Hordaland og 4 frå Sogn og Fjordane.
Vestland fylke er delt i to valdistrikt: tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Resultat av stortingsvalet og oversikt over dei som kom inn på Stortinget
Nyhendesak om opptellinga av røystene etter valet
Nyhendesak om dei godkjende listene til stortingsvalet
Godkjende lister til stortingsvalet frå Hordaland (pdf)
Godkjende lister til stortingsvalet frå Sogn og Fjordane (pdf)
Oversyn over alle lister og parti ved stortingsvalet
Førehandsrøystinga starta 10. august og varte til og med 10. september.
Kvar enkelt kommune arrangerte denne.
Valdagen var måndag 13. september. I enkelte kommunar også søndag 12. september.