Skal gjere det enklare å forvalte strand- og kystsona

Ein ny rettleiar skal gje ei meir heilskapleg og føreseieleg forvaltning av strand- og kystsona i Vestland.

foto frå Skjerjehamn i Gulen
KYST: Den nye rettleiaren er eit bidrag for å betre og meir heilskapleg planlegging i strand- og kystsona. Bildet er frå Skjerjehamn i Gulen. (Foto: Andreas Ask/Vestland fylkeskommune)

– Det knyter seg viktige allmenne verdiar til kyst- og strandstrekningane våre i Vestland, og det er stort press på strandsona. Mange enkeltinngrep påverkar natur- og kulturlandskapet over tid og forringar kvalitetane i områda, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

Synleggjer viktige verdiar

I juni 2021 gav regjeringa oppdaterte statlege planretningsliner for strandsona. Føremålet med retningslinene er å gjere nasjonal arealpolitikk tydeleg, og å sikre nasjonale og regionale interesser i 100-metersbeltet langs sjøen.

Kommunane, fylkeskommunen og Statsforvaltaren har alle ulike ansvarsområde og mandat når det gjeld forvalting av strandsona. Vestland fylkeskommune har difor fått utarbeidd ein rettleiar i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Rettleiaren synleggjer viktige verdiar i strandsona i fylket, og gjev innspel til metode for kartlegging til bruk i kommunal planlegging.

Bidrag til betre planlegging

I prosessen med å lage rettleiaren har fylkeskommunen arrangert digitale møte med kommunane. Der har det blitt gitt informasjon undervegs, og kommunane har fått kome med innspel til arbeidet.

– Eg vil takke kommunane for gode bidrag undervegs. Dei har kome med  bilde, spørsmål og innspel. No er rettleiaren klar til bruk, og vi håpar han blir nyttig for kommunane og kan bidra til heilskapleg og god planlegging, seier Stalheim.

Plan- og bygningslova har eit alminneleg byggeforbod i strand- og kystsona. I 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag skal det takast særskilt omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.