Inntaket til vidaregåande skule er klart
Alle som har søkt skuleplass har no fått svar på vigo.no i siste inntaksrunde. Vestland fylkeskommune opprettar i år to nye klassar på vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse.
Fylkeskommunen har i år registrert og behandla 22 015 søknader til dei offentlege vidaregåande skulane fylket. 19 560 søkjarar har fått tilbod om opplæring.
86 prosent av søkjarane med ungdomsrett har fått tilbod om den skuleplassen dei helst ville ha. Alle søkjarar med ungdomsrett har fått eit tilbod som er i tråd med søknaden, og til eit tilbod dei har rett til.
To nye klassar med påbygging
Det har i år vore stor etterspurnad etter plass ved vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse. Mangelen på ledige plasser til dette tilbodet har vore særleg høg i bergensområdet. For å sikre at alle som har rett til tilbodet får ein plass, har fylkeskommunen oppretta to nye klassar: ein klasse på Sotra vgs. og ein på Sandsli vgs.
Justeringa er gjort på administrativ fullmakt. Etter justeringa har alle søkjarar med rett til påbygging vg4 fått tilbod om opplæring.
Møt opp til skulestart
Det er viktig at alle elevar møter opp til skulestart der dei har fått tilbod om skuleplass. Elevar som ikkje møter opp mistar tilbodet, og plassen går vidare til andre søkjarar. Informasjon om oppstart får elevane frå skulen, og det vil vere tilgjengeleg på nettsidene til skulane.
Det blir lagt ut lister over ledige plasser ved dei vidaregåande skulane. Elever som ynskjer plass på tilbod som er ledige, kan då ta kontakt med den skulen dei ynskjer å gå på.