Feira langvarig vennskap med Wales

– Sjømannskyrkja symboliserer eit langvarig vennskap mellom Noreg og Wales, sa fylkesordførar Jon Askeland då han feira 17. mai i Cardiff. Den norske kyrkja på hamna stod sentralt i feiringa der mange med norske aner og elevar frå Vestland deltok i feiringa.

Fylkesordførar i bunad på talarstol. Foto.
17. MAI I CARDIFF: – Det var heilt spesielt å synge Ja, vi elsker og å rope tre gonger tre hurra i utlandet, seier fylkesordførar Jon Askeland. (foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune)

Den 150 år gamle norske sjømannskyrkja i Cardiff vart 17. mai overlevert frå Cardiff council med Lord Mayor, Rod McKerlich i spissen til ei stifting som skal drive den vidare som kyrkje og kulturelt senter.

Den gamle døypefonten frå 1800-talet et tilbake i sjømannskyrkja i Cardiff etter 50 år i Bergen. Forfattar Roald Dahl vart i 1916 døypt i den. (foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune)
Den gamle døypefonten frå 1800-talet et tilbake i sjømannskyrkja i Cardiff etter 50 år i Bergen. Forfattar Roald Dahl vart i 1916 døypt i den. (foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune)

Gåver frå 1800-talet

Fylkesordførar Jon Askeland hadde med seg fleire gåver, mellom anna den originale døypefonten frå 1800-tallet, den døypefonten som den norsk-britiske forfattaren Roald Dahl i 1916 vart døypt i. Den har stått lagra hos Sjømannsmisjonen i Bergen i 50 år. Vidare vart lysestakar, blomstervasar og bibel frå den originale kyrkja i Cardiff overlevert tilbake.

– Døypefonten er no komen tilbake. Det var veldig begeistring for dette, seier Askeland.

Fylkesordførar Jon Askeland i samtale med Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich. Foto.
Fylkesordførar Jon Askeland møtte Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich. (foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune)

Enormt viktig

I tillegg overleverte fylkesordføraren ein plakett som det synlege teiknet på det lange vennskapet mellom Cardiff og Vestland.

– Kyrkja var enormt viktig for våre sjømenn, og også for våre soldatar og pilotar som stasjonert i Wales under den andre verdskrigen. Plaketten utrykker våre beste ønskje og støtte til den norske kyrkja og vårt vennskap med Cardiff, sa Jon Askeland.

Festkledde folk. Foto.
Fylkesordførar Jon Askeland (t.h.) og avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, møtte dei norske elevane i Cardiff: Sara Børve (Bergen katedralskole, f.v.), Nora Mowinckel (Amalie Skram), Signe Kårstad (Firda), Malin Bøe Solheim (Stord), Claire Oatridge (lærar), Tuva Dybwad (Bergen katedralskole), Nathalie Lillefjære-Tertnæs (Bergen katedralskole), Ine Leinum-Johnsen (Thora Storm) og Karoline Byrknes (Austrheim). Foto: Vestland fylkeskommune

Elevar frå Vestland

Cardiff har i mange år vore vennskapsregion med Vestland. Og i mange år har elevar frå Hordaland og Vestland gått det andre året på vidaregåande skule i Cardiff. Elevane som går der dette skuleåret deltok i feiringa, saman med rundt 100 frå den norsk-walisiske vennskapsforeningen.

17. maitoget gjekk frå parlamentet til kyrkja med eit brassband i spissen.

– Det var heilt spesielt å synge Ja, vi elsker og å rope tre gonger tre hurra i utlandet, seier fylkesordføraren. I talen i kyrkja kom spesielt inn på samarbeidet Vestland har med elevar som gå på skule der.

Bilete av fylkesordførar som taler til ei forsamling i kyrkja.
– Kontakten mellom unge i Vestland og Cardiff er unik. Vi er stolte over elevutvekslinga, sa fylkesordførar Jon Askeland i talen i kyrkja. Foto: Kevin Burden/The Welsh Norwegian Soiciety

Bringer kultur med seg

– I dag er kontakten mellom unge i Vestland og Cardiff unik. Vi er svært takknemlege for at Cardiff tar imot nye klassar med unge frå vestkysten av Noreg kvart år. Vi er stolte over elevutvekslinga og året dei gjennomfører i Cardiff. Dei bringer kulturen med seg tilbake til Noreg og det er mykje frå Noreg dei kan dele med sine nye venner i Wales, sa fylksordførar Jon Askeland.

Mann taler til forsamling i kyrkja. Foto.
Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich, overleverte kyrkja til ei stifting som skal drive den vidare som kyrkje og kulturelt senter. Foto: Kevin Burden/The Welsh Norwegian Soiciety
Plakett med teksten: Vestland fylkeskommune er stolt av å feire sin støtte til Den norske kyrkja Cardiff. Foto.
Denne plaketten overrekte fylkesordførar Jon Askeland til den norske sjømannskyrkja i Cardiff. (foto: Vestland fylkeskommune)