Får 6,2 millionar til grøne satsingar

Vestland fylkeskommune får midlar av Miljødirektoratet til å bygge samarbeid om grøn omstilling og å utarbeide ein modell som kan realisere elfly mellom Bergen og Førde.

Mennesker i industrihall.
16 GRØNE HUBAR: Grøn region Vestland har identifisert 16 område der tilhøva er gode for miljøvenleg og berekraftig utvikling gjennom samarbeid på tvers av ulike aktørar og næringar. Her frå besøk på Renovo sitt biogassanlegg på Stord i huben Bio-Sunnhordland. Her blir mellom anna biologisk avfall frå landbruk og havbruk gjort om til ny energi og biogjødsel. Foto: Lasse Kolbjørn Anke Hansen, Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune får no seks millionar kroner til prosjektet Grøn region Vestland der samarbeid om grøn næringsutvikling står sentralt.

– Midlane gjer det mogleg å gire opp arbeidet med Grøn region Vestland og i enda større grad støtte omstillinga som verksemdene skal gjennom, seier Bård Sandal, avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling.

Viktig rolle

Han legg til at pengane vil stimulere til industriell symbiose i næringslivet, ein prosess der aktørar innanfor eit geografisk område delar på ressursar. Dette kan vere alt frå vatn og energi, til avfalls- og biprodukt. Målet er å utnytte ressursane best mogleg, men også å redusere avfall og svinn.

– Det er også gledeleg at Miljødirektoratet gjennom vedtaket anerkjenner innsatsen som er lagt ned i prosjektet så langt, og ser den viktige rolla fylkeskommunen kan ta ved å legge til rette for og koordinere arbeidet med klimagassreduksjon i næringslivet, seier Sandal.

Samarbeid er nøkkelen

Grøn region Vestland viser at samarbeid er nøkkelen til å lukkast med grøn omstilling. Prosjektet har identifisert 16 område, såkalla grøne hubar, der tilhøva er gode for miljøvenleg og berekraftig utvikling gjennom samarbeid på tvers av ulike aktørar og næringar.

Støtta frå Miljødirektoratet gjer at vi får meir kapasitet til å legge til rette for samarbeid i dei grøne hubane. Eksempel på dette er å kople forsking, utdanning og næringslivet tettare saman, sørge for erfaringsutveksling og å styrke kapasiteten for samarbeid i dei grøne hubane.

Elfly Førde Bergen?

Vestland fylkeskommune får også 205 000 kroner som skal brukast til å lage ein modell som ser på moglegheita for elfly på strekninga mellom Bergen og Førde. Klimaeffekten av tiltaket vil vere nokså liten på kort sikt ettersom dei første elektriske flya berre kan ta ni passasjerar. Den langsiktige effekten vil ifølge søknaden bli større ettersom elflya på sikt kan ta fleire passasjerar og kan dekke fleire strekningar i Noreg. For å få til dette trengs det å komme i gang med pilotruter for å fremme teknologiutvikling og aksept for elfly.

– Vestland har alt tetposisjon i verda ​på nullutslepp til lands og til vanns. ​ No står det att å få til det same i lufta . Passasjerruter med elfly kan bidra til betre forhold for næringslivet og samfunnet elles, fordi det på sikt kan gi fleire avgangar, lågare prisar og null klimagassutslepp. Dette tilskotet frå Klimasats er eit skritt for å få dette til, seier seksjonssjef Sølve Sondbø i avdeling for innovasjon og næringsutvikling.