Vil ha Bybanen over Bryggen

– Fylkesutvalet støttar fagnotatet til Bergen kommune, då det gir den beste kollektivløysinga, den rimelegaste bygge- og driftsløysinga, har minst inngripen i kulturminne og som sikrar at vi oppnår målet om kontinuerleg bybaneutbygging, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkesutvalet tilrår, med 10 mot 7 røyster, at Bybanen skal gå over Bryggen og ikkje i tunnel.

NEI TIL TUNNEL: Fylkesutvalet vil at Bybanen skal gå over Bryggen. (Illustrasjon Norconsult og Asplan Viak)
NEI TIL TUNNEL: Fylkesutvalet vil at Bybanen skal gå over Bryggen. (Illustrasjon Norconsult og Asplan Viak)

I tilrådinga til Bergen kommune forkastar dermed fylkesutvalet å bygge tunnel gjennom Bergen sentrum. Dei 10 som røysta for tilrådinga var A fire røyster, MDG ei røyst, SP to røyster,  SV ei røyst, V ei røyst og KrF ei røyst. Dei sju som røysta mot var H (3), FrP (2), FNB (1) og Uavhengig (1). 

– Tunnelalternativet vil vere særs utfordrande og ha høg teknisk og økonomisk risiko. Det kan òg gje betydelege konsekvensar for kulturarv, framdrift, klima og tilrettelegging for kollektivtransport som Vestland fylkeskommune har ansvar for. Skal vi sikre kontinuerleg utbygging av bybanesystemet og unngå tap av kompetanse på utbygging av Bybanen, må traseen av den grunn òg gå over Bryggen, seier Askeland.  

Godt grunnlag

Fylkesutvalet har i møtet i dag vurdert utgreiinga om tunnelalternativet, som eit godt grunnlag for endeleg val av løysing for Bybanen gjennom sentrum.   

– Framføring av bybanen til Åsane er eit stort og viktig grep for å nå ambisiøse målsettingar om at fleire skal reise kollektivt i Bergensområdet. Bybanen er hovudstamma i kollektivsystemet. Den skal gje konkurransekraft til kollektivtransport i byen, og bygge opp under mål for byutviklinga, seier Askeland.   

Konklusjonen til fylkesutvalet er å tilrå å vidareføre dagalternativet DS1 i reguleringsplanen og at arbeidet med tunnelalternativet DST blir avslutta. Fylkesutvalet stiller seg med dette bak Bergen kommune sitt fagnotat. 

Må redusere kostnadene

Utgreiingane viser at det vil koste om lag 2,2 milliardar kroner meir å bygge traséen i tunnel i staden for dagløysing over Bryggen. Dei årlege driftskostnadene med tunnel og underjordiske haldeplassar vil og bli mellom 60 og 100 millionar kroner meir enn ved dagløysing.  

Fylkesordføraren er i saka òg opptatt av å få ned kostnadene både knytt til bygging og drift og viser til vedtaket i fylkesutvalet om kostnadskontroll då reguleringsarbeidet starta i 2018.   

Omsyn til verdsarvstaden

Fylkesutvalet meiner det er viktig å ta omsyn til verdsarvstaden Bryggen og ber om at tilrådingane gitt i konsekvensutgreiinga blir følgd opp for å ivareta verdsarvstaden. Dette skal kvalitetssikrast gjennom vidare prosess og dialog med kulturminnestyresmaktene.  

Fylkesutvalet oppmodar Statens vegvesen om å redusere sårbarheita til Fløyfjellstunnelen, slik at den kan fungere som omkøyring for sentrum. Etter framlegg frå Silja Ekeland Bjørkly (H) vart det vedteke at eit tredje løp i Fløyfjellstunnelen må byggast, slik at oppgradering og lenging av eksisterande tunnel kan skje utan for store konsekvensar for trafikk og bysamfunn.  

Godt sykkeltilbod

Fylkesutvalet vil òg ha eit attraktivt og trygt sykkeltilbod gjennom sentrum.  

– Standarden på sykkelrutene i sentrumsområda bør ha tilsvarande standard som langs Bybanen elles, men særlig er det viktig å sikre ein samanhengande sykkelveg, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Bystyret skal ta stilling til trasevalet i sitt møte 23. november.

Les saksutgreiinga (pdf)