Stort engasjement for opplæringtilbodet skuleåret 2022/2023

– Saka om opplæringstilbodet har skapt stort engasjement, og vi har fått mange innspel. Det viser at dette er ei viktig sak som opptek mange i Vestland, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.

AUKA TILBOD: Elevar i den vidaregåande skulen i Vestland får fleire tilbod å søkje på neste år. foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
AUKA TILBOD: Elevar i den vidaregåande skulen i Vestland får fleire tilbod å søkje på neste år. foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Eit samrøystes hovudutval har vedteke kva opplæringstilbod som skal lysast ut for skuleåret 2022/23 på dei vidaregåande skulane i Vestland. I inneverande skuleår er det totalt 982 klassar i den vidaregåande skulen i Vestland. Neste år vil det bli lyst ut 987 klassar. 407 av desse er på vg1. 

Lytta til innspel  

– Vi har lytta til alle innspela frå ulike aktørar og vurderer det som viktigare i denne omgang å få lyst ut eit breitt opplæringstilbod framfor å auke opp talet på parallellklassar. Men det er viktig å merke seg at sjølv om vi lyser breitt ut, er det ikkje sikkert at klassane blir sett i gang. Det er søkjartalet som avgjer kva tilbod og kor mange klassar som blir satt i gang. Neste år skal vi vurdere tal klassar ut frå søkjartal og den økonomiske ramma vi har, understrekar Karianne Torvanger.  

Fylkesdirektøren har funne rom for å auke med 2,5 klassar utover klassetalet dette skuleåret innafor den økonomiske ramma. I tillegg har hovudutvalet vedteke å auke med ytterlegare tre klassar, for å gjere fleire tilbod søkbare.

Oversikt over endringar til tilrådinga

Utvalet har gjort følgande endringar på innstillinga som vart lagt fram:

Det blir lyst ut 0,5 gruppe media og kommunikasjon i kombinasjon med 0,5 gruppe musikk, dans og drama på Stord vgs.

Det blir lyst ut 0,5 gruppe vg1 idrett i kombinasjon med 0,5 gr vg1 studiespesialisering på Odda vgs.

Det blir lyst ut ei gruppe vg2 betong og mur ved Laksevåg og Bergen Maritime vgs.

Det blir tatt ned ei gruppe vg2 tømrar på Laksevåg og Bergen Maritime vgs.

Det blir lyst ut ei gruppe vg2 datateknologi og elektronikk på Eid vgs.

Det blir lyst ut ei gruppe vg1 sal, service og reiseliv på Stryn vgs

Det blir lyst ut ei gruppe vg2 transport og logistikk på Knarvik vgs.

Nye tilbod ved skulane

– Også til denne saka har det kome søknadar om å opprette nye tilbod ved skulane på grunnlag av etterspurnad på kompetanse frå lokalt og regionalt næringsliv. Det er gledeleg at vi har funne rom til å innfri nokre av desse søknadane, seier leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse, Karianne Torvanger, og legg til at tilgang på læreplassar blir sterkt vektlagt for oppretting av nye tilbod innan yrkesfag.

Tilbodet i elektro og datateknologi blir utvida med eit nytt tilbod, vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk ved Slåtthaug vgs. Ved Austrheim vgs. blir det lyst ut vg1 naturbruk, med overgang til vg2 akvakultur skuleåret 2023/24. I tillegg blir det lyst ut ei gruppe på vg2 transport og logistikk både ved Kvam og Knarvik vidaregåande skular.  

Ønske om reduksjon på påbygging

Påbygging til studiekompetanse blir redusert med tre klassar, slik at Os vgs., Åsane vgs., og Eid vgs. får ein klasse kvar. I tillegg blir det lyst ein klasse i Høyanger på vg4, der plasstalet blir bestemt ut frå søkjartal til vg1 studiespesialisering. 

Hovudutvalet viser til tidlegare vedtak i utvalet, innspel frå yrkesnemnda og vedtak i fylkesting om å redusere tal klassar på påbygging og er tydeleg på at dette framleis er ei politisk målsetting. Utvalet ber avdelingsdirektøren syte for at elevar som søkjer seg til vidaregåande opplæring og rådgjevarane i grunnopplæringa, får god informasjon om dette.  

Fleire klassar i helsefag

Tilbodet i helse- og oppvekstfag blir utvida med 2,5 klassar.  Det blir også lyst ut 2 grupper helse og oppvekst med studiekompetanse på Fyllingsdalen vgs. I tillegg har hovudutvalet vedteke å få ei sak om alternative tilbod innan helsefag for skuleåret 2023/24. Det vart vedteke etter framlegg frå Sonja Merethe Øvre-Flo (H).  

Etter forslag frå Rosalind Fosse (Frp) vedtok hovudutvalet å vurdere om det er høve for auka leigeareal innan idrettsfag og kroppsøving i Arena Nord for Åsane vgs. for å sikre god nok kapasitet.  

Hovudutvalet har i tillegg vedteke å endre inntaksområda for nærskulepoeng. Elevar i Samnanger kommune skal no få tilleggspoeng også ved søknad til dei to skulane i Os. Elevar frå Tysnes kommune skal få tilleggspoeng også til alle dei vidaregåande skulane i Bergen.