Skyss skiftar billettsystem og opnar nettbutikk

Skyss sitt gamle billettsystem er modent for utskifting og vert no bytta ut. I løpet av hausten 2020 fekk Skyss mange nye busser i Bergen, og nytt billettsystem er installert i alle. Skyss vil gradvis i løpet av 2021 bytte system i resten av bussane i Hordaland. Sidan bytet skjer gradvis, vil ny og gammal løysing leve side om side ei stund.

Det blir ingen endringar i appen «Skyss Billett». Nærare 80 prosent av dei reisande i Hordaland bruker appen til å kjøpe billett, og dei kan halde fram med dette som vanleg.

Opnar for billettkjøp på nett

Skyss sin nye nettbutikk opnar måndag 18. januar. Her kan ein kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar til buss, bybane og båt i Hordaland.

– Vi er glade for at vi no kan tilby billettkjøp på nett, slik at dei reisande får fleire alternativ for billettkjøp. No kan ein sitje heime og kjøpe billetten for seg sjølv eller andre, til dømes barn og besteforeldre. Nettbutikken er meint som eit tillegg til mobilappen vår, og for dei aller fleste vil appen framleis vere den beste og enklaste løysinga, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Ein betalar med bankkort eller Vipps, og ein kan kjøpe billett til andre, for eksempel barn eller besteforeldre. Periodebillettar blir knytt til Skysskortet, medan ein også kan sende enkeltbillettar på SMS eller e-post til seg sjølv eller den som skal reise. Ein vel sjølv starttidspunktet for billetten.

Dei reisande vil ikkje lenger kunne kjøpe periodebillett om bord, berre enkeltbillett og 24-timarsbillett. Sidan alle kortlesarar forsvinn kan ein heller ikkje lenger fylle på eller lese av Skysskortet på bussen, og reisepengar vert fjerna som betalingsmåte. I ein overgangsfase kan ein framleis kunne fylle på reisepengar på billettautomatane og bruke som betaling når ein reiser med Bybanen. 

Pandemien har påverka billettkjøp

Under koronapandemien har det uansett ikkje vore mogleg å kjøpe billett hos bussjåføren, og dette blir førebels ikkje endra. Endringane i billettsal og bruk av kortlesarane om bord blir dermed ikkje merkbart for dei reisande enno. Men reisande som ikkje har tilgang til app eller billettautomat kan no få kjøpt billett i nettbutikken før reisa, eller få ein ven eller slektning til å gjere det for dei. Nettbutikken kan dermed løyse nokre av problema som pandemien har ført med seg.

Frå no av får ein kjøpt enkeltbillett og 24-timarsbillett: 

  • I appen Skyss Billett 
  • På førehand i Skyss nettbutikk 
  • På billettautomat 
  • Etter at området ved sjåføren blir opna, kontant om bord på bussen

Frå no av får ein kjøpt periodebillett (7, 30 og 180-dagarsbillett og ungdomsbillett): 

• I appen Skyss Billett

  • På førehand i Skyss nettbutikk (ein må då ha eit Skysskort) 

Reisande som ikkje har tilgang til nett eller smarttelefon, kan framleis fornye periodebilletten sin på Skyss sitt kundesenter på Bergen busstasjon.

skyss.no

Felles billettprisar og takstsoner

Skyss og Kringom vart slått saman då Vestland fylke vart oppretta 1. januar 2020. Dei to tidlegare fylka har hatt mange ulike system for å administrere kollektivtrafikken, som det er eit omfattande arbeid å samordne. Arbeidet med dette vil halde fram utover i 2021. Felles billettprisar og takstsoner for buss i heile fylket er eitt av prosjekta som no står høgt på lista å få gjennomført.