Skal skape tryggleik for elevar på hybel

– Vi ønskjer å skape tryggleik for elevar og lærlingar som må bu på hybel, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke tiltak for å betre situasjonen for hybelbuarane i den vidaregåande skulen.

SKAL FÅ DET BETRE: Elevar som bur på hybel skal få det betre. (illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
SKAL FÅ DET BETRE: Elevar som bur på hybel skal få det betre. (illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Eit oversyn utarbeidd av skulane viser at det er 1638 elevar som bur på hybel i Vestland fylkeskommune dette skuleåret. Det utgjer i underkant av 10 prosent av alle elevane. Fylkestinget meiner det er ønskjeleg med fast sosialpedagogisk personell på dei vidaregåande skulane, og at det er særleg viktig på skular med mange hybelbuarar.

– Vi vil betre busituasjonen og fritid for den einskilde ungdom. Til det vil vi bruke miljøkoordinatorar og andre sosiale tiltak. Kompetente vaksne er avgjerande for å kunne arbeide systematisk og målretta med å betre hybelbuarane sine tilhøve. Til dette arbeidet trengst det vaksne som ser ungdomen og som organiserer og gjennomfører tilboda på ein systematisk og målretta måte, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Individuelle forskjellar

Forsking viser at ungdom på hybel er overrepresentert på statistikken over fråfall i den vidaregåande skulen. Men forskinga viser og individuelle forskjellar på korleis elevane opplever og handterer tida på hybel. Mange opplever meistring når dei klarer å utvikle rutinar og strukturere tidsbruken, mens andre manglar rutinar for å handtere eit tilvære borte frå føresette.

Vidare viser forsking at helsesøster, miljøkoordinatorar, sosialpedagogar og andre tilsette i vidaregåande skule syner seg å vere svært viktige for hybelbuarar. Fråvær av vaksenpersonar kan vere tøft, særleg i starten av eit hybelliv.

Kompetente vaksne

– Miljøkoordinatorar, skulehelsetenesta, elevtenesta og anna personell i vidaregåande skule syner seg å vere svært viktige for å skape gode sosiale tiltak og høg resultatkvalitet. Med støtte frå kompetente vaksne er det lettare for dei unge hybelbuarane  å vekse og få ein sunn overgang til vaksenlivet. Slik støtte kan vere både god relasjon til kvar einskild hybelbuar, samt å legge til rette for sosialt samvær, både i og etter skuletid, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Skulane har desse forslaga for å betre tilhøva for hybelbuarar:

  • Miljøkoordinator
  • Ekstraressurs til skular med mange hybelbuarar
  • Internat med bemanning
  • Uteområde som appellerer til leik, aktivitet og sosial møteplass
  • Open skule om ettermiddagen
  • Sosiale aktivitetar i helgane for elevar som ikkje reiser heim
  • Betre system for å fange opp kven som bur på hybel
  • God lokal koordinering mellom skule og kommunale støttetiltak, samt lokalt organisasjonsliv

Lærlingar på hybel

Fylkesordføraren ønskjer òg å slå eit slag for lærlingar som bur på hybel.

– I Vestland fylkeskommune har vi ikkje tiltak særskild for lærlingar som bur på hybel. Desse er i liten grad inkludert i tilboda på dei vidaregåande skulane. Vi ønskjer eit godt samarbeid mellom lærling, opplæringskontor og skule. Det kan vere med på å sikre at tilhøva for lærlingar blir ivaretekne, mellom anna ved at lærlingar kan delta på arrangement i regi av skulen. Men vi må få på plass system for informasjonsutveksling mellom skule, lærebedrift og lærling, seier fylkesordførar Jon Askeland.