Opprettar fem nye klassar før 3. inntaket og skulestart

Vestland fylkeskommune opprettar no fleire tilbod som søkjarane ynsker seg.

foto av Sogndal vgs
STUDIESPESIALISERANDE: Sogndal vgs får ein ekstra klasse for studiespesialisering med dei endringane som no vert gjort. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Vi opprettar tre nye klassar for påbygging til generell studiekompetanse ved skulane våre, seier Øivind Høines, seksjonsleiar i avdeling for opplæring og kompetanse.

Skulane som får påbyggsklassane er Eid vgs, Os vgs og Åsane vgs.

Sogndal og Askøy

Vidare får Sogndal vgs ein ekstra klasse for studiespesialisering, og Askøy vgs får opprette ein ny klasse i Vg1 elektro og datateknologi.

– Vi gjer desse endringane for at søkjarar utan tilbod skal få betre føresetnadar for å kome inn på eit tilbod dei ynskjer seg. Søkjarane har ikkje rett til å kome inn på skulane dei har søkt på, men langt dei fleste får ynska sine oppfylt. Vi kan no òg gje dei som ynsker det, plass i ein klasse for påbygg, men nokre må framleis reise for å kunne gå på skulen, seier Høines.

Førebuing til 3. inntaket

Endringa vert gjort som del av førebuinga til 3. inntaket som skal gjerast torsdag 5. august og er tatt på administrativ fullmakt.

Endringa er gjort mogleg ved å redusere klassetal på tilbod som sto utan primærsøkjarar med ungdomsrett på venteliste. Reduksjonen får difor ingen negativ konsekvens for elever med ungdomsrett, og alle som har fått eit tilbod vil vere sikra.

Reduksjonane er

  • 1 klasse Vg2 barne og ungdomsarbeidar på Arna vgs
  • 1 klasse Vg2 barne og ungdomsarbeidar på Slåtthaug vgs
  • 1 klasse Vg1 restaurant og matfag på Sandsli vgs
  • 1 klasse Vg1 teknologi og industriell produksjon på Odda vgs

Desse skulane vil framleis ha fagtilbodet som blir redusert som følgje av endringa.