Fagskulen får sjølv opprette nye studietilbod

– Dette er fantastisk, seier styreleiar Emil Gadolin etter at Fagskolen i Hordaland har fått statleg godkjenning til sjølv å opprette nye studietilbod tilpassa næringslivet.

SKREDDERSY: Torbjørn Mjelstad skal leie Fagskulen Vestland som sjølv får skreddersy dei tekniske utdanningane, her frå boresimulatoren dei har på Nygård. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
SKREDDERSY: Torbjørn Mjelstad skal leie Fagskulen Vestland som sjølv får skreddersy dei tekniske utdanningane, her frå boresimulatoren dei har på Nygård. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

All høgare utdanning skal i utgangspunktet bli godkjent av NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga. Det inneber at fagskulen må ha godkjenning frå NOKUT før dei set i gang ei utdanning. Men no er dette endra for Fagskolen i Hordaland.

NOKUT har godkjent at fagskulen sjølv får utvikle og setje i gong utdanningar innan heile det tekniske området til institusjonen. Denne akkrediteringsfullmakta gjeld utdanningane innan dei tekniske og petroleumstekniske områda.

Rask omstilling

– Eg opplever at dette gjer oss i stand til å gjere betre det fylkestinget og publikum ventar av oss. Vi skal raskt kunne omstille oss i arbeidslivet og få større høve til å vere ein pådrivar for utvikling i regionen. Samstundes stiller det større krav til oss. Det skal vi klare å møte, men det er og viktig med samspelet som skjer mellom dei to fagskulane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er heilt nødvendig at vi samarbeider tett for å klare å møte behovet i arbeidslivet. Vi må ha gode utdanningstilbod i heile fylket, tett på arbeidsplassar og heile næringslivet, seier Gadolin som gjev ros til dei tilsette.

– Dette er stor heider til dei tilsette ved fagskulen og det viktige abeidet dei gjer. Det er òg eit stort skritt i retning av å bygge ein sterk institusjon for høgare utdanning på Vestlandet, seier styreleiar Emil Gadolin.

– Med dette kan vi raskt omstille oss i arbeidslivet og få større høve til å vere ein pådrivar for utvikling i regionen, seier styreleiar Emil Gadolin. Trude Amundsen er lektor ved fagskulen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
– Med dette kan vi raskt omstille oss i arbeidslivet og få større høve til å vere ein pådrivar for utvikling i regionen, seier styreleiar Emil Gadolin. Trude Amundsen er lektor ved fagskulen. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Skule for framtida

Rektor Torbjørn Mjelstad er stolt og kry.

– No har vi har fått stempelet frå NOKUT. Det inneber at vi raskt kan omstille oss og skreddersy og spisse utdanningane til behovet i arbeidslivet utan at vi må gå den lange vegen om statleg godkjenning. Vi får sjølv godkjenne våre eigne utdanningar. Med dette bygger vi morgondagens skule, fagskulen for framtida, seier Mjelstad.

I utarbeidinga av dei nye utdanningane får fagråda ei viktig rolle. Kvar utdanning skal ha eit fagråd, som skal fange opp behovet i arbeidslivet og gje råd. I fagrådet skal studentar, representantar frå arbeidslivet og fagpersonell ved skulen vere med.

Skal bygge den beste fagskulen i landet

– Vi har ambisjonar om at vi saman med arbeidslivet skal bygge den beste fagskulen i landet og frå årsskiftet kan den nye fagskulen Vestland akkreditere sine eigne utdanningar innan områda bygg, anlegg, klima energi og miljø, petroleumstekniske fag, elkraft, automasjon, maskin og prosess. Dette omfattar ein stor del av studentane ved den nye institusjonen, med om lag 1100 studentar. Totalt vil den nye Fagskulen Vestland ha om lag 1700 studentar.  Dette gjer oss til ein truverdig aktør i det store partnarskapet og ein attraktiv institusjon for både studentar, tilsette og arbeidsliv, seier Mjelstad.

Det er berre ein anna fagskule i landet i som har slikt omfang på akkrediteringsfullmakta si , og det er fagskolen i Viken. Fagskolen Innlandet har eit mindre omfang på fullmakta.

Spisse utdanning

Torbjørn Mjelstad har god tru på at heile den samanslegne fagskulen skal få godkjenning til å skreddersy utdanningar sjølv, og ikkje berre den tekniske delen.

– Regjeringa skal legge fram lovendring der det blir lagt til rette for at institusjonar skal få godkjenne eigen utdanning. Det inneber at heile skulen og ikkje berre den tekniske delen kan spisse utdanninga etter behovet. Når lovendringa er vedteken, er vi klare. Vi har mål om å vere den første fagskulen i landet som får slik godkjenning, seier Mjelstad.

Slik godkjenning vil mellom anna omfatte maritime utdanningar, maskin og dekksoffiserer, lokalmatkultur, arborist, mjølkerobot, ysteri og havbruksteknikar.

Åtte studiestader

– Vi blir den største skulen som Vestland fylkeskommune eig og skal ha kapasitet og plass til å utvikle utdanningane framover. Fagskulen i Sogn og Fjordane får nye lokale neste år, og vi skal bygge Bergen som by for yrkesfag. seier rektor Torbjørn Mjelstad.

Fagskulen Vestland får åtte studiestader: Nordnes, Nygård, Førde, Måløy, Voss, Hjeltnes, Austevoll og Stord.