Elevar fekk høyre om korleis Torbjørn opplevde 22. juli

Fylkestingsrepresentant Torbjørn Vereide var på Utøya 22. juli. Han har snakka lite offentleg om det som skjedde den gongen, heilt fram til denne våren. Då han vart invitert av fleire ungdomsskular til å kome og fortelje om det han har opplevd, bestemde han seg for å gje det ein sjanse.

MØTTE ELEVAR: Torbjørn Vereide har denne våren og sommaren besøkt skular og enkelte andre arrangement for å fortelje historia si frå Utøya. Foto: Vestland fylkeskommune.
MØTTE ELEVAR: Torbjørn Vereide har denne våren og sommaren besøkt skular og enkelte andre arrangement for å fortelje historia si frå Utøya. Foto: Vestland fylkeskommune.

– Det kjennest veldig viktig, sjølv om det ikkje er kjekt. Barn og unge er nysgjerrige på det som skjedde. Mange av dei var veldig små i 2011. Dei har ikkje hatt noko forhold til det som skjedde og sit gjerne med mange spørsmål, som mange ikkje tykkjer det er greitt å snakke om. Å prøve å bidra til å svare på dei spørsmåla kjennest veldig meiningsfylt, sjølv om det framleis er vondt å snakke om, fortel han.

Vereide har besøkt fleire ungdomsskular og ein vidaregåande skule i tidlegare Sogn og Fjordane i vår, i tillegg til at han har delteke på enkelte andre arrangement.

– Vi må sjå samanhengar

Det er særleg to ting han vil elevar og andre skal sitje att med etter å ha høyrt han snakke om opplevingane sine både 22. juli og i åra som har gått sidan då. Det eine er at vi må sjå samanhengar.

– Vi må forstå samanhengen mellom ein del av hatet og utanforskapen i samfunnet, og dei ekstreme handlingane som kan kome i andre enden. Vi snakkar gjerne om 22. juli som om det var ein naturkatastrofe, noko tilfeldig som skjedde. Men det var ikkje det. Og om vi trur det, så er faren for at det skje igjen betydeleg større. Det var eit forløp til 22. juli med hat og hatefullt tankegods om at folk med anna hudfarge og religion er mindre verdt – og at folk i Arbeidarpartiet fortener å dø, seier Vereide.

– Greitt å be om hjelp

Det andre han er oppteken av at folk skal hugse, er at det er greitt å be om hjelp og ta vare på seg sjølv – og andre. Han meiner vi må ta samtalen om at det er greitt om be om hjelp når ein treng det, om det er frå ein venn eller profesjonelle.

– Det er viktig for meg å vere open om at eg har slitt psykisk etter det som skjedde, og at det er greitt å trenge nokon å snakke med, slik eg har gjort. Det er også viktig at vi som venner og medmenneske strekkjer ut ei hand til menneske i krise, sjølv om det kan vere ubehageleg og kanskje til og med freistande å late vere, seier Vereide.