Ber om at tiltak mot skrantesjuke blir prioritert

Kampen mot skrantesjuka står sentralt i oppfølginga av regional plan for Hardangervidda. Fylkestinget oppfordrar til at dette arbeidet blir prioritert også i åra framover.

illustrasjonsfoto av villrein
VILLREIN: Sikring av villreinstammen er eit vesentleg tema i handlingsprogram 2021–2024 til den regionale planen for Hardangervidda. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Det blei klart då fylkestinget 17. juni vedtok Regional plan for Hardangervidda. Handlingsprogram for 2021–2024. 

Viktig å nedkjempe sjukdomen 

– Det er staten som bestemmer rammene rundt nedkjemping av denne alvorlege sjukdomen. Likevel er det viktig at vi set det på dagsorden i både regional plan og handlingsprogrammet. Det er naturleg at Hardangerviddarådet er involvert i arbeidet, og det er difor vi ber om at det blir særleg prioritert, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Hardangerviddarådet er samansett av representantar frå kommunar og fylkeskommunar rundt Hardangervidda, i tillegg til Statsforvaltaren og villreinnemnda. Rådet skal blant anna følgje opp den regionale planen og sørgje for at konkrete tiltak blir sette i verk. 

Må sikre leveområdet til villreinen 

Andre viktige tiltak i handlingsprogrammet er å sikre villreinen trekkområde, kalvingsområde og areal for beite. Her har Vestland eit viktig ansvar saman med dei andre fylkeskommunane i området.  

Leveområdet til villreinen har blitt fragmentert bit for bit dei siste vel 100 åra. Det skuldast blant anna vegar, toglinjer, kraftlinjer, demningar og hyttebygging. 

– Her har vi ein jobb å gjere for å sikre den største villreinbestanden i landet. Innskrenking av areal og mindre beiteområde er den største trusselen, og dette er viktig å ha med seg når vi bestemmer korleis vi skal forvalte området framover. Blant anna blir arbeidet med ein felles sti- og løypeplan viktig. Denne skal både ta omsyn til villrein og anna naturmangfald, men også leggje til rette for friluftsliv og reiseliv i området, seier fylkesordføraren. 

Initiativ frå Miljøverndepartementet  

Handlingsprogrammet fylkestinget behandla 17. juni er del av arbeidet med det regionale planarbeidet for Hardangervidda som gjeld fram til 2035. Bakgrunnen er eit initiativ frå Miljøverndepartementet, der dei oppmoda fylkeskommunane til å lage regionale planar for dei viktigaste villreinområda i landet.  

Målet er å ta vare på leveområda til villreinen, samstundes som fjellet skal brukast av andre. 

Her kan du lese handlingsprogrammet for 2021–2024

Vedtaket føreset likelydande vedtak i Viken fylkeskommune og Vestfold og Telemark fylkeskommune. Viken gjorde likt vedtak 5. mai, og Vestfold og Telemark 16. juni.