Vestladden - rapparen som la ut på vandring

"Vestland, Vestland, det beste fylket é, Vestland, Vestland, vi slår oss sammen med!" Hør rappen, og sjå om du blir like begeistra som Vestladden!

Det var ein gong nokre ungdommar som skulle ut og gjere opptak til ein sakleg liten film om Vestland fylke. Dei skulle filme både fjord og fjell, fylkeskommunale tenester og historiske stader. På vegen vart dei så bergtatte og overraska over alt dei såg, at dei blei heilt forelska.

Gløymt var det meste av det sakelege dei skulle gjere. Dei vart i staden yre av glede på ferda, og Vestladden måtte berre få det ut i ein rapp. Det bruste i Vestladden då han såg heile dette flotte eventyrriket, som han snart kunne kalle sitt.

Men først måtte dei to fylka slå seg saman. Sogn og Fjordane og Hordaland fann ut at slik var trenden i heile landet no.  600 000 menneske, mange verksemder og organisasjonar i dei to fylka slo seg saman med kvarandre for å bli Vestland. Vestladden syntest alle folka er ganske rå, og det tok alle innbyggarane til seg som eit stort komplement. Vestladden vandra frå sør til nord til han stod igjen med tre ord. Og kva dei var? Ja, då må du sjå filmen.

Om filmen

Vestladden er laga av elevar ved kulturverkstaden på Hyssingen produksjonsskole. Med kunstnarisk fridom og stor kreativitet har dei skapt Vestladden og teke oss med på reisa si gjennom Vestland.

Desse elevane har medverka:

  • Marcus Opstvedt – Vestladden og vokal/rap
  • Jacob Tuft Smørås – crew, kamera
  • Nicholas Skylstad – komponist, elektronika
  • Olga Lohne – komponist, fiolin og koring
  • Tobias Linde – crew, kamera
  • Hubert Stasiuk – crew, kamera
  • Joachim Martins – crew, kamera, klipp
  • Kristoffer Fleten – statist: "Kulturen"

Rettleiarar:

  • Even Johansen, verkstadleiar (musikk)
  • Rudi Bakken, verkstadleiar (film)
  • Ole Einarsen (rettleiar og forteljarstemme)