Skyss blir namnet på kollektiveininga i heile Vestland

Eit samrøystes fylkesutval har avgjort at den samanslegne kollektiveininga for Vestland skal heite Skyss. Skyss har ansvar for all fylkeskommunal kollektivdrift som Bybanen, bussrutene, båt og ferjetrafikk. Logo og merkenamn er spesielt synleg på Bybanen og bussar, som etter kvart vil framstå med Skyss i heile Vestland.

FELLES NAMN, LOGO OG FARGAR: Alle bussane til Vestland fylkeskommune skal ha namn, logo og fargane til Skyss, som er den fylkeskommunale kollektiveininga.
FELLES NAMN, LOGO OG FARGAR: Alle bussane til Vestland fylkeskommune skal ha namn, logo og fargane til Skyss, som er den fylkeskommunale kollektiveininga.

Vedtaket inneber at namnet Kringom går ut av bruk. Kringom er namnet på kollektiveininga i tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune. Frå 1. januar i år vart Skyss og Kringom slegne saman til ei eining i Vestland fylkeskommune. I forkant av tilråding av merkevarenamn er det gjort ei fagleg vurdering, med bruk av ekstern kompetanse, av fire alternativ til framtidig profilering. Vurderingane er gjort både knytt til kostnad, praktiske konsekvensar for omprofilering, samt dei ulike målgruppene si oppleving av eit eventuelt namnebyte. 

Folk kjenner Skyss best

I vurderinga av namnevalet er det lagt vekt på at fleire av dei reisande har betre kjennskap til Skyss enn Kringom. Ei undersøking viser at nesten 9 av 10 i Hordaland kjenner Skyss, mens færre enn 4 av 10 kjenner Kringom i Sogn og Fjordane. Det er også lagt vekt på den visuelle og praktiske koordineringa mellom Skyss-merkevaren og Bybanen. Skyss sin fargepalett, logoar og symbol er utvikla for å kunne leve godt side om side med Bybanen.

Omprofilering

Det vil ta om lag 12 månader frå ein startar til heile  bussparken til Kringom er omprofilert til Skyss. Kostnaden er stipulert til rundt sju millionar kroner. I alt låg det føre fire alternativ til namn og profil. Å bruke Skyss var det klart rimelegaste. Å satse på Kringom ville ha ein pris på rundt 29 millionar. Det tredje alternativet var nytt namn og ny profil. Det var kostnadsrekna til i underkant av 38 millionar kroner. Det fjerde alternativet var å bruke profilen til Skyss, men med eit nytt namn. Det er ikkje kostnadsrekna.