Nytt verdsarvråd for Vestnorsk fjordlandskap

Fylkesvaraordførar Natalia Golis er ein av dei nye medlemmane i verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap. Rådet konstituerte seg på Voss 23.–24.juni.

Medlemmer av Verdsarvrådet på Hangurstoppen
PÅ HANGURSTOPPEN: Medlemmane i Verdsarvrådet, frå venstre: Audun Moe, ordførar i Lærdal, Eva Hove, nestleiar og ordførar i Fjord, Trygve Skjerdal, leiar og ordførar i Aurland, Marta Sofie Vange, varaordførar i Vik, Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss, Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland, Kjell Kvingedal, miljødirektør fylkesmannen i Vestland. Jan Ove Tryggestad ordførar i Stranda kommune og Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal var ikkje med.

Det er i år 15 år sidan Vestnorsk fjordlandskap vart innskriven på verdsarvlista til Unesco. Kvart fjerde år blir det valt eit nytt verdsarvråd, som har som si viktigaste oppgåve å ta vare på å fremje verdsarvstatusen som Nærøyområdet i Aurland og Geirangerfjorden har fått.

Ansvar på vegner av menneskeheten

- Det er eit stort ansvar å forvalte ein slik verdsarv på vegner av menneskeheta. Å stå på ein slik liste forpliktar, men gjer og mange moglegheiter. Eg ser fram til eit godt samarbeid i verdsavrådet og spanande samhandling med kommunane for å sikre verdiskaping og sysselsetning, seier Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune følgjer forvaltinga av alle dei tre oppføringane på verdsarvlista i fylket tett og har ansvaret for tilskotsordningane for kulturminne i både Nærøyfjorden og på Bryggen i Bergen.

Drøfta regelverk for skipsfarten

Verdsarvrådet hadde også oppe fleire viktige saker på konstitueringsmøtet på Voss. Både nytt regelverk for skipsfarten i verdsarvfjordane, fellesgodefinansiering og kulturlandskapet er saker som rådet har arbeidd med over lang tid.
– Dette er saker som betyr mykje for utviklinga av området og for ivaretaking av verdsarvverdiane, og eg ser fram til å følgje dei vidare, seier fylkesvaraordføraren.
I tillegg vedtok verdsarvrådet samrøysta ein uttale der dei ber om at Stortinget sitt vedtak om nullutslipp for skipsfart i verdsarvområde innan 2026 blir haldne fast ved.
Rådet drøfta òg den oppstarta reguleringsplanen til Holmen gruve og deponi i Nærøydalen. I tillegg var det orienteringar om arbeidet med rullering av restaureringsplanen og revidering av forvaltingsplanen for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden.

Det nye verdsarvrådet er samansett slik:

Leiar: Trygve Skjerdal (ordførar Aurland kommune)
Nestleiar: Eva Hove (ordførar Fjord kommune)
Medlemmar:
Natalia Golis (fylkesvaraordførar Vestland fylkeskommune),
Tove-Lise Torve (fylkesordførar Møre og Romsdal),
Hans-Erik Ringkjøb (ordførar Voss herad),
Marta Sofie Vange (varaordførar Vik kommune),
Audun Moe (ordførar Lærdal kommune),
Jan Ove Tryggestad (ordførar Stranda kommune)