Fylkesutvalet vil ha Språkrådet til Bergen

– Vi vil ha fleire statlege arbeidsplassar til Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet har vedteke ei fråsegn om å flytte Språkrådet frå Oslo til Bergen.

FLYTTING? Det nasjonale Språkrådet kan bli plassert i Bergen om fylkesutvalet får viljen sin.
FLYTTING? Det nasjonale Språkrådet kan bli plassert i Bergen om fylkesutvalet får viljen sin.

I fråsegna viser fylkesutvalet til at Bergen og Vestland har eit sterkt språkfagleg miljø med høg kompetanse. Dette representerer eit fullgodt grunnlag for flytting av Språkrådet til denne regionen. 

Ein språkleg smeltedigel

–Vestland har den fremste språkkompetansen, og me er ein språkleg smeltedigel. Her ligg kjerneområdet for nynorsken, som saman med ein livskraftig bokmålskultur gjev oss eit rikt, språkleg mangfald. I tillegg har Universitetet i Bergen ein språkleg kompetanse som er på høgde med hovudstaden og vel så det, seier fylkesordførar Jon Askeland.

35 statlege arbeidsplassar 

Språkrådet er i dag plassert i Oslo med om lag 35 statlege arbeidsplassar. Kari Bernardini (A) tok initiativ til fråsegna i hovudutval for kultur, idrett og integrering 15. oktober. Utvalet stilte seg bak fråsegna som gjekk vidare til fylkesutvalet. Fråsegna vart i fylkesutvalet vedteken med 15 mot 2 røyster. 

Fråsegna blir sendt Språkrådet, statsministeren sitt kontor, kulturdepartementet, kulturkomiteen på Stortinget og stortingsrepresentantane frå Vestland.