Fire overordna mål for utvikling av Vestland

Vestland fylkeskommune skal ha fire overordna mål for vidare utvikling av fylket. Dei handlar mellom anna om klima og miljø, gode lokalsamfunn og verdiskaping.

oversiktsbilde frå Høyanger
GODE LOKALSAMFUNN: Gode lokalsamfunn skal vere med å skape gode kvardagsliv i heile Vestland, og heile fylket skal ha like moglegheiter for å delta i verdiskapinga. Det er noko av bodskapen i dei fire overordna måla for utvikling av Vestland.

Planutvalet vedtok nyleg desse fire overordna mål for utviklinga av det nye fylket:

Mål 1 Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling 
Mål 2 Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
Mål 3 Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping  
Mål 4 Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg

Å få på plass desse måla er del av arbeidet med utviklingsplanen regional planstrategi. Planen skal setje retning for utviklinga av Vestland dei neste fire åra, og fylkestinget vedtek planen til hausten.

Gjev klar retning

Fylkesordførar Jon Askeland leia møtet i planutvalet og ser fram til det vidare arbeidet med utviklingsplanen.

– Det at vi no har fått på plass desse måla, gjev ei klar retning for det vidare arbeidet. Eg tykkjer måla gjev eit godt bilete av kva vi ønskjer å få til i Vestland, seier Askeland.

Planutvalet la også til grunn at utviklingsplanen og vektlegging av dei ulike berekraftsmåla til FN, skal bidra til å styrke nærings- og folketalsutviklinga i fylket.

Viktige milepåle for vidare arbeid

Fylkesordføraren er oppteken av å sjå heile fylket og meiner samarbeid med kommunane er ein nøkkel for suksess.

– Det er viktig at vi legg til rette for ei utvikling som femner om heile det store fylket vårt, og at vi finn den rette balansen mellom måla. For skal vi lukkast, er det heilt naudsynt med eit breitt og tett samarbeid med kommunane, seier Jon Askeland.

Fylkesrådmannen skal no utarbeide strategiar og vurdere planbehov, før planutvalet får saka på bordet att i slutten av mars.

Diskusjonar kring formuleringar

Den viktigaste diskusjonen planutvalet hadde om måla, knytte seg til kva rolle det nye fylket skal ha i Noreg, og om dei føreslegne måla skildra rolla i stor nok grad.

Mål to vart diskutert opp mot sentraliseringsdebatten og senterstruktur, og politikarane valde å tydeleggjere at ein ynskjer utvikling i heile fylket ved å leggje til «i heile Vestland» i mål to. Mål tre tek opp i seg den sosiale dimensjonen som politikarane var samde om at er viktig i Vestland.

Verdiskaping som viktig målsetting

I tillegg til dei føreslegne måla, dreia diskusjonen i planutvalet seg om dei i stor nok grad la til rette for at fylket ville fylle rolla som verdiskapingsfylke.

I saka som var lagt fram for politikarane, var det lagt vekt på at utrykket berekraft må sjåast i samanheng med dei tre dimensjonane miljømessig, sosial og økonomisk berekraft.

Det er samanhengen mellom dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig. Frp fremja forslag om at den økonomiske berekrafta fekk større tyngde i utviklingsplanen for Vestland. Det gav grunnlag for ein diskusjon som resulterte i det fjerde målet der verdiskaping og viktigheita av Vestland som eit desentralisert Noreg kom fram.

Høyring i mai–juni

Dei fire måla som no er sette vil i stor grad bli ståande slik dei er, men seksjon for plan, klima og folkehelse i fylkeskommunen jobbar no med å konkretisere og å utarbeide strategiar. Det er kome innspel til arbeidet frå offentlege etatar gjennom planforum, og det har vore møte med fagavdelingane i fylkeskommunen.

Vidare skal saka oppatt i planutvalet før fylkesutvalet skal fastsetje strategiane og målsettingane. Utviklingsplanen skal ut til offentleg høyring i perioden mai–juni, og det er då høve til å kome med meininga si om planen og slik setje retning for Vestland dei fire neste åra.