Tilskot til regionale ungdomsparti

Tilskotet skal styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland.

Retningslinene kan bli justert før søknadsfrist jf. ny regional plan for kultur.

Tilskot til regionale partipolitiske ungdomsorganisasjonar skal styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland og slik bidra til auka politisk deltaking blant unge i fylket.

Ordninga skal stimulere organisasjonane som arena for deltaking, engasjement og ansvar.

Slik vil fylkeskommunen fremje medverknad, inkludering, samfunnsinnsikt, ytringsfridom og demokrati.

Kven får tilskot

Støtteordninga er meint for dei regionale ungdomspolitiske organisasjonane der moderpartiet har eitt eller fleire medlemmer i Vestland fylkesting

Krav til søkjar

  • Søkjar skal ha organisasjonsnummer og vere registrert i Brønnøysundregisteret
  • Moderpartiet skal vere representert i Vestland fylkesting

Følgjande dokumentasjon må liggje ved søknaden:

  • Organisasjonen sitt organisasjonsnummer
  • Årsmøtereferat
  • Årsrapport frå året før søknadsåret
  • Godkjent rekneskap frå året før søknadsåret

Søknadsfrist

Søknadsfristen for 2024 er utsett til 3. juni.

Dei organisasjonane som sender inn søknad innan fristen og stettar krava, skal tildelast eit grunnbeløp på 20 000 kr.

Det resterande beløpet blir fordelt mellom ungdomsparti/organisasjonar etter følgjande formel:

Moderpartiet sitt valresultat/summen av prosent på dei organisasjonen som stettar krava)x(avsett sum til føremålet-samla sum av grunnbeløpa som vert utbetalt))

Fylkesdirektøren får fullmakt til å fordele tilgjengelege midlar ved administrativt vedtak i samsvar med desse retningslinjene.

Vedtaket kan klagast på etter forvaltningslova § 28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune, per e-post til post@vlfk.no.