Tilskot til kulturbygg i Vestland

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane.

Du kan søkje om tilskot til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan og gjevast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Vestland fylkeskommune lyser også ut ordninga tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar.

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.

Søknadsfrist

Kommunane set eigne søknadsfristar. Alle kommunane må overføre søknader frå kommunen sin til Vestland fylkeskommune innan 30. april kvart år.

Korleis søker du?

Send inn søknad elektronisk på anleggsregisteret.no. Ta kontakt med kommunen din for nærmare informasjon om søknadsprosessen og den lokale søknadsfristen.

Kulturdepartementet fastset støtta til kulturbygg gjennom ordninga desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. For å få tilskot til kulturbygg, må ein følgje vilkåra som er sett i retningslinjene for støtteordninga.

Retningslinjene har to delar. Den første byggjer på retningslinjene til Kulturdepartementet. Den andre delen er fastsett av Vestland fylkeskommune. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok reviderte retningslinjer i februar 2024.  

Kulturdepartementet fastset støtta til kulturbygg gjennom ordninga desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. For å få tilskot til kulturbygg, må ein følgje vilkåra som er sett i retningslinjene for støtteordninga.

Retningslinjene har to delar. Den første byggjer på retningslinjene til Kulturdepartementet. Den andre delen er fastsett av Vestland fylkeskommune. Hovudutval for kultur, idrett og integrering vedtok reviderte retningslinjer i januar 2021.

Vestland fylkeskommune legg vekt på dette når vi tildeler midlar:

  1. Fornya søknadar som er godkjent i anleggsregisteret tidlegare, men som har fått avslag grunna manglande rammer. 
  2. Kommunale prioriteringar vert følgde, så langt som råd.
  3. Lokale organisasjonseigde arenaer, som t.d. grendehus, forsamlingshus og ungdomshus, som inneheld kulturaktivitet (dans, teater, musikk, kunstformidling osb.) vert prioritert.
  4. Kommunale kulturhus med mål om sambruk og aktivititetar for breie målgrupper vert prioritert. Arenaer for kommunalt lovpålagte oppgåver, som bibliotek, vert ikkje prioritert i ordninga.
  5. Kommunal medfinansiering av prosjektet er ein føremon.
  6. Geografisk breidde i tildelingane.

Tilskotet kan utgjere inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. Minste tilskotssum er 100 000 kr. Minste tilskotssum til tiltak som gjev universell utforming er 50 000 kr.

Eit lokalt kulturbygg kan maksimalt innanfor ein 20-årsperiode få tildelt 1,5 mill. kr. Kulturarenaer med regionale funksjonar kan maksimalt få tildelt 1,5 mill. kr til prosjekt som er støtteberettiga gjennom ordninga.  

Fylkeskommunen kan gje delløyving til ein søknad, dersom tilskotet elles vil utgjere ein uforholdsmessig stor del av den totale tilskotssummen. Søkjar skal då sende inn ein gjenteken søknad i neste søknadsrunde.

Søknaden skal registrerast på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/ av søkjaren (eigar av kulturbygg/arena) innan fristen kommunen har sett.

Desse vedlegga må følgje søknaden

  • Vedtekter for bruken av bygget/arenaen.
  • Skriftleg presentasjon av tiltaket, inkludert ei behovsvurdering, framdriftsplan og plan for bruk og drift av kulturbygget.
  • Teikningar av bygget/lokala eller utandørs kulturarena.
  • Dokumentasjon på rett til bruk av eigedom/anlegg i minimum 20 år.
  • Detaljert kostnadsoverslag for tiltaket. Administrasjonskostnader kan maksimalt utgjere 5 prosent av godkjend totalkostnad.
  • Finansieringsplan, som gjer greie for finansieringa av dei samla kostnadane med tiltaket. Søknaden må vere fullfinansiert.
  • Dokumentasjon på finansiering kan t.d. vere gjennom
    • bankutskrift som dokumenterer eigenkapital
    • lånetilsegn
    • vedtaks-/tildelingsbrev ved tilskot
    • gåvebrev
    • dokumentasjon av dugnadsverdi signert av kvalifisert fagperson