Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ni utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga

  • idrettsprestasjonar
  • potensial
  • planar for vidare satsing innan idrett
  • aldersgrupper 16–25 år
  • utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Vestland fylkeskommune får fagleg bistand av Olympiatoppen Vest med vurdering av søknadane. 

Kven kan søkje?

Utøvarar kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema. Søkjaren må representere ein klubb i Vestland fylke.

Rapportering

Mottakarane av stipenda skal innan påfølgjande år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipenda har vore nytta.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Vestland fylkeskommune.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.