Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Tiltaka som får tilskot skal bidra til å få fleire barn og unge i Vestland fysisk aktive kvar dag.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar innan idrett og friluftsliv kan søkje om tilskot til aktivitet i sine lokallag og klubbar. Dei regionale organisasjonane samordnar søknadane for sine lokale lag og prioriterer desse etter dei krav og prioriteringar som ligg i retningslinene. Andre aktørar kan vurderast særskilt. Aktørar der det ikkje er regionale ledd kan søke direkte til tiltak som har regionalt omfang og elles fell inn under retningslinene.

  • Døme på regionale organisasjonar: Bergen og Hordaland Turlag (lokallag søker via BHT), Vestland idrettskrets m. fl.

Søknadsfrist

Vi kjem tilbake til frist for 2024 - ordninga er under arbeid.

  • Ver merksam på at dei regionale organisasjonane kan ha eigne fristar.

Kva kan støttast

  • Prosjekt som gjer det enklare for barn og ungdom å vere aktive i lokalmiljøa der dei bur og veks opp.
  • Ny kompetanse og overføringsverdi. Tiltaka skal lære oss noko, og modellane skal kunne delast med andre. Tiltak med stor grad av medverknad frå målgruppa blir prioriterte.
  • Organisasjonar vert oppmoda til å samarbeide om tiltak på tvers av kommunane i fylket.

Desse tiltaka vil bli prioriterte

  • Tiltak retta mot inkludering gjennom idrett og friluftsliv. 
  • Tiltak for å nå minst ein time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule.
  • Tilskot til oppstart og vidareutvikling av opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet for barn og ungdom. (Merk at det ikkje vert løyvd tilskot til ordinær drift eller til anlegg som kan søke spelemidlar. Det vert heller ikkje gitt tilskot til utstyr.)
  • Tilskot til utvikling og utprøving av nye aktivitetar.

Støtte og finansiering

Gode prosjekt kan bli støtta med tilskot frå 50.000 til 200.000 kroner. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner per/time). Der det er regionale ledd som koordinerer søknadane, kan lokale tiltak bli sett i samanheng og vere del av ein samla søknad.

Følgjande vilkår må vere oppfylte for å få tilskot

  • Midlane skal gå til prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom med hovudfokus på tiltak i nærmiljøet. 
  • Det blir ikkje løyvd tilskot til ordinær drift, eller til anlegg som kan søkje spelemidlar. Tiltak som har fått tilskot i tre år i denne ordninga blir ikkje prioriterte.
  • Fylkeskommunalt tilskot/søknadssum kan ikkje vere høgare enn 50 prosent av dei totale kostnadane.
  • Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Tildeling av tilskot til søknader som fyller vilkåra blir vurdert med utgangspunkt i formålet med ordninga, der det mellom anna blir lagt vekt på følgjande moment:

  • I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.
  • I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).
  • I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse, og om det har overføringsverdi.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast. Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde:

  • Dokumentasjon som kort gjer greie for
    • målet for tiltaket
    • korleis arbeidet er planlagt gjennomført
    • kven som er involvert
  • Framdriftsplan og ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden.
  • Finansieringsplan/budsjett for tiltaket.

Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, må du informere om det i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsama.

Sluttrapport skal sendast Vestland fylkeskommune innan 15. januar påfølgande år. Rapporten skal innehalde:

  • Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering.
  • Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l.

Vestland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn.

Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis. Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen.

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak du klagar over, årsaka klaga, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Send klaga til post@vlfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.