Bømlo kommune - Kurebu

Dagsturhytta Kurebu på Bømlo ligg på Goddo i turområdet mot Barmane.

dagsturhytta kurabu i bømlo kommune
Dagsturhytta Kurabu. Foto: Andre Marton Pedersen

Bømlo kommune har inngått tilsynsavtale med Bømlo turlag for hytta.

Tilkomst og parkering

Kjør på riksveg 5004 via Urangsvåg til Kinnastraumen bru (Goddebrua). Ta til venstre like over brua og kjør omlag 250 meter mot Helgeplass. Du finn parkeringsplassen like over bakketoppen på høgre sida av vegen. Stien startar 40 meter før parkeringsplassen på same sida.

Det er også mogeleg å kome til hytta med kajakk frå friluftsområdet Barmane. Herifrå ser ein hytta på eit høgdedrag mot aust.

Stien til hytta

Stien frå parkeringsplassen er 1,3 km lang, og går i kupert terreng. På Goddo er det eit ope og fritt landskap med myr, stein og knaus.

Avstandar

Du bør pårekna ein om lag 30 minutt gåtur. 20 minutt med godt driv, 40 minutt med god tid.