Stryn kommune - Kloppemyrhytta

Hytta til Stryn kommune ligg på Kloppemyra. Ho har vedomn, innvendig lys og sanitæranlegg.

Bilde av ei dagsturhytte i skogen.
Dagsturhytta i Stryn, Kloppemyrhytta. Foto: Karoline Solheim.

Tilkomst og parkering

Parkering til dagsturhytta er på grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion. Ta av frå rv. 15 mot Stryn næringspark. 

Du kan også parkere ved Stryn vinterski. For å kome til Stryn vinterski tar du av frå rv. 15 ved skiliting til skisenter ved Esso. Følg skilting til skisenter gjennom boligfeltet.

Sjå stien frå dei to ulike parkeringsplassane teikna i kartet på Stryn kommune si heimeside. 

Stien til hytta

Frå parkeringsplassen ved Stryn stadion går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Derifrå kan du gå vidare i retning Stryn vinterski. Det er svak stigning, for det meste i lett skogsterreng. 

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh.) følgjer du turløypetraseen ca. 500 meter , svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta og sentrum.

Det er også mogleg å gå til dagsturhytta rett etter at ein har passert dei siste husa i Setrevegen på veg mot skisenteret. Stien går rett vest under høgspentlinja. Turen er då på 1 km. 

Avstandar

Hytta ligg på om lag 250 moh.

  • Frå grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion til Kloppemyrhytta: Om lag 1,5 km. 50 min roleg gange.
  • Frå parkeringsplass Stryn vinterski til Kloppemyrhytta: ca.1,7 km. Ca. 30–45 min roleg gange.