Vaksdal kommune - Fjordsyn

Dagsturhytta i Vaksdal heiter Fjordsyn og er plassert på Tettaneset på Stanghelle vest. Hytta vart opna 11. juni 2021.

Dagsturhytta Fjordsyn i Vaksdal kommune. Foto: Rune Langeland
Dagsturhytta Fjordsyn i Vaksdal kommune. Foto: Rune Langeland

Tilkomst og parkering

Det er parkering ved Agnavika (badeplass) like over brua når ein kjem frå E16.

Alternativ parkering er like etter avkøyring frå E16, eller ved ballbana i byggefeltet på Stanghelle vest. Vaksdal kommune er eigar av alle parkeringsplassane.

Stien til hytta

Frå Agnavika er det ca 80m på veg. Deretter lett kupert sti gjennom skog og over berg. Det er nokre fuktige parti undervegs, spesielt når det har regna mykje, og det er ein fordel med gode sko. Stien er godt merka.

Det er også mogeleg å kome sjøvegen. På Stanghelle er det ei padlebryggje (i Ardalsvegen), og her er det høve til å leige kajakk. Meir informasjon om dette finn ein på sida til Stanghelle idrettslag.

Avstandar

Frå parkeringsplass ved Agnavika er det ca 1,3 km til hytta. Frå parkeringsplass ved E16 er det ca 1,8km.