Gloppen kommune - Draumekvila

Dagsturhytta i Gloppen ligg i Trivselsskogen på Sandane. Hytta var den første av dagsturhyttene som vart opna.

Bilde av ei dagsturhytte i skog.
Dagsturhytta i Gloppen, Draumekvila. Foto: Silje Engeland.

Tilkomst og parkering

Det er to alternativ til parkering: anten i Sandane sentrum eller ved merka parkeringsplass for Trivselsskogen ved E39. 

  • Parkering i Sandane sentrum eller buss: gå frå sentrum og opp via byggefeltet Høgnausen. Her kryssar du under E39. Du ser hytta opp i lia frå sentrum. 
  • Frå Byrkjelo: køyr forbi første avkøyring til Sandane på Kleivedammen og fortsett ca. 600 meter. Så første avkøyring til høgre. Avkøyring er skilta frå E39.
  • Frå Anda: køyr forbi første avkjøring til Sandane. Etter ca. 800 meter er det første avkøyring til venstre. Avkøyring er skilta frå E39.

Stien til hytta

Området i Trivselsskogen er godt skilta og mange stiar går mot Draumekvila. Ved hovudskiltet ved E39 startar den mest nytta stien. Følg denne oppover og les skilta etter kvart. Du skal forbi solplatået og kjærleiksskogen før du kjem til Draumekvila som ligg på om lag 200 moh.

Det er i tillegg mogleg å gå ein rundtur på ca. 6 km. Då går du innom Fosseteateret. 

Avstandar

Går ein fra sentrum tar ture litt i overkant ein time og er 2.4 kilometer lang. Turen tar om lag 20–30 minutt frå skiltet ved E39, og er på omtrent 1,4 km ein veg.