Sogndal kommune, Balestrand - Balabu

Dagsturhytta i Balestrand står ved Balastølen, på om lag 400 moh.

Bilde av ei dagsturhytte. I bakgrunnen er det mykje skog.
Dagsturhytta i Sogndal, Balabu. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Tilkomst og parkering

For å kome til parkeringa kjør rv. 55, ta av til idrettsanlegg og Sygna vgs. Følg så skilting til skulane og turstiar. Ved Sagatun skule er det skilta parkering for dagsturhytta.  

Parkering ved Belehalli ved Sagatun skule. Eller du kan gå frå sentrum ved å følge turskilta opp Lærargata til Belehalli. Der er oversiktskart over alle turalternativa i nærområdet. 

Stien til hytta

Frå Belehalli: Følg den blåmerka stien opp til Orrebenken og 100 meter vidare. Her kjem du til eit skilt som viser Balastølen/Fjærestadstølen til venstre. Rett før Orremyra går stien inn til dagsturhytta. 

Det er moglegheit for å gå vidare opp til Raudmelen (raudmerka sti). 

Frå Balabu kan ein gå ein rundtur via Fjærestadstølen og kome ned att til parkeringa.