Spelemidlar til ordinære idretts- og friluftsanlegg

Fylkeskommunen forvaltar og fordeler spelemidlar, som kjem av overskotet til Norsk Tipping og er administrert av Kulturdepartementet. Midlane skal nyttast til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Vestland fylke. Søknadsfristen er 15. januar.

Kven kan søke?

Dei som kan søkje om spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar og velforeiningar. Andre lag og organisasjonar kan også bli godkjende søkarar avhengig av laget sine vedtekter.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for kommunane er 15. januar. Kommunane har også ulike fristar for innsending for frivillig sektor. Kontakt din kommune for informasjon om lokal frist. 

Kva kan du søke om?

Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Søknadsordninga er delt inn i to hovudgrupper, ordinære anlegg, som er vanlege idrettsanlegg, og nærmiljøanlegg, som er mindre anlegg hovudsakleg for eigenorganisert fysisk aktivitet.

Korleis søker du?

Du søker via www.anleggsregisteret.no. Søknaden vert først behandla av kommunen, som vidaresender den til fylkeskommunen.

Korleis blir pengane fordelte?

Vestland fylkeskommune fekk 236 mill kr til fordeling i 2022. Midlane vart fordelte på bakgrunn av fastlagde kriterium frå Kulturdepartementet, vedteken anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune, samt kommunane sine prioriteringslister.

Hovudutval for kultur, idrett og integrering fordelte spelemidlane for 2022 i møtet 24. mai 2022. Tilrådinga vart vedteken slik ho er i saka.

Rapportering og utbetaling

For å få utbetalt tildelt beløp, må du sende inn oppmoding om utbetaling via kommunen. Dersom arbeidet med anlegget er i gang, kan du få utbetalt 75 prosent av tilskotet som ei delutbetaling. Dei resterande 25% blir utbetalte når anlegget er ferdig og ein har levert revidert rekneskap og ferdigattest. 

Når anlegget er ferdig, og du ynskjer å få utbetalt heile tilskotsbeløpet må du levere inn revidert rekneskap. Det skal førast i eit standardisert skjema.

Skjemaet for rekneskap – og informasjon om korleis du fyller det ut – finn du på nettsida anleggsregisteret.no