Elev- og lærlingombodet

Alle elevar og lærlingar har rett på ein trygg skule- og arbeidskvardag. Elev- og lærlingombodet er her for deg om du trenger støtte eller nokon å snakke med om dette. Kanskje lurer du på kva som er rettane dine som elev eller lærling.

Rettleiing og støtte

Elev- og lærlingombodet jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine som i skule eller på læreplassen.

Hos elev- og lærlingombodet kan du få råd, rettleiing og støtte. Vi kan følgje opp saka di og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Vi skal også vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Du kan vere trygg når du snakkar med oss. Elev- og lærlingombodet har teieplikt, og vil aldri gå vidare med det du fortel oss utan at du ønskjer det sjølv.

Meir informasjon til deg som er elev

Meir informasjon til du som er lærling

Du kan ta kontakt med oss på ulike måtar.

Vi vil gjerne snakke med deg, eller du kan sende oss ein e-post.

Vel det som passar best for deg.

Vi trenger ikkje vite kven du er eller kor du går på skule eller i lære. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med oss.

Vi må lagre nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Det kan vere:

  • dato du tok kontakt
  • korleis du tok kontakt (f.eks. SMS eller telefon)
  • kven som tok kontakt (elev/ein ven/foreldre/lærar)
  • om du er elev i vidaregåande skule eller om du er lærling

Vi noterer også stikkord om kva førespurnaden handla om (f.eks  vurderingsgrunnlag eller spørsmål om løn/ferie). Ingen av opplysningane vi lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym.

Vil du at vi skal følgje opp deg opp, ringe deg igjen seinare for å sjekke korleis det går, eller liknande? Då må vi lagre namn og kontaktinformasjonen din, til dømes eit telefonnummer.

Vi gir ikkje ut opplysningar om deg til andre.

Rapportering og oversikt

Vi rapporterer årleg til politikarane i Vestland. Då viser vi kor mange førespurnader vi har fått i skuleåret som gjekk. Vi viser dei til dømes kor mange saker som kjem frå elevar eller frå lærlingar, og kor mange som tok kontakt per telefon, osb.

Vi held føredrag og informasjonsmøte, og viser då gjerne til typiske spørsmål og problemstillingar som elevar og lærlingar opplever.

Her gir vi generell informasjon om dine lovar, retter og plikter i høve til vidaregåande opplæring i skule og i lærebedrift.

https://www.vestlandfylke.no/om-oss/personvern/

Mandat for elev- og lærlingombod i Vestland blei vedtatt i Vestland fylkesting 10. juni 2020.

Vestland fylkeskommune har to elev- og lærlingombod. Ombodet har ei rådgjevande og rettleiande rolle og er ikkje ein klageinstans.

  1. Elev- og lærlingombodet i Vestland

    Elev- og lærlingombodet er fylkeskommunen sitt ombod for elevar, lærlingar og lærekandidatar (heretter omtalt som lærlingar) i vidaregåande opplæring.

    Elev- og lærlingombodet er først og fremst eit lågterskeltilbod som elevar, lærlingar og føresette lett skal kome i kontakt med. Ombodet skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag, og bidra til å styrke fylkeskommunen sitt arbeid med å sikre at elevar og lærlingar får ivaretekne rettane sine.

    Ombodet arbeider for at alle elevar og lærlingar skal få ei rettferdig behandling etter lov, forskrift og fylkeskommunalt regelverk, og er ein pådrivar for at skular og opplæringsinstitusjonar følgjer dei retningsliner og lover som omhandlar elevar og lærlingar sine rettar. Ombodet skal samarbeide med alle partar i vidaregåande opplæring for å minne dei ansvarlege på at elevar og lærlingar får oppfylt retten til medverknad

  2. Målgruppe

    Elev- og lærlingombodet sitt arbeidsområde omfattar alle elevar og lærlingar innanfor det fylkeskommunale opplæringstilbodet og private vidaregåande opplæringstilbodet.* Alle elevar og lærlingar, uavhengig om dei er i eit fylkeskommunalt eller privat vidaregåande opplæringstilbodet, skal kunne ta kontakt med elev- og lærlingombodet og få hjelp.

  3. Teieplikt

    Ombodet har teieplikt og saker blir ikkje brakt vidare utan samtykke.

  4. Organisering, rapportering og initiativrett

    Ombodet skal utarbeide årsmelding til fylkestinget.

    Ombodet skal ha systematisk kontakt med administrativ og politisk leiing i fylkeskommunen, med faste møtepunkt fleire gonger i året.

    Dei fylkeskommunale observatørane i styra til dei private vidaregåande skulane skal syte for at årsrapport frå elev- og lærlingombodet vert handsama i styra i dei private vidaregåande skulane.

    Elev- og lærlingombodet er ein del av eit nasjonalt nettverk for fagleg utvikling og erfaringsdeling på tvers av fylka.

*Dersom dei private vidaregåande skulane ynskjer besøk av elev- og lærlingombodet, må dei dekkje kostnadene med dette sjølv.